Ung albumdebutant

Kaia Høl Fredheim (22) har gjeve ut sitt fyrste album under sitt eige plateselskap.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er noko eg alltid har hatt lyst til å gjera, seier Fredheim.

Gjorde alt sjølv

Den unge sogningen har både skrive alle songane, spela dei inn og gjort størsteparten av etterarbeidet sjølv.

Albumet heiter «Sapphire» og er gjeve ut under plateselskapet Juno Replay Records som ho sjølv starta opp like etter nyttår.

– Eg har gjort alt frå start til slutt, for då har eg meir kontroll over resultatet. Dette var noko eg ønskte å gjera heilt på eiga hand, seier Fredheim.

Perfeksjonist

Fredheim har jobba med albumet i rundt seks månader før det var klart for utgjeving. Arbeidet besto av både komponering av songane, innspeling og miksing, men det er etterarbeidet som tek mest tid.

– Eg er nok perfeksjonist. Det er ikkje uvanleg at eg høyrer gjennom songane 100 gonger for å gjera små finjusteringar på lyden, seier ho.

I tillegg har Fredheim lagt vokal sjølv på nokre av songane.

Starta i Årdal

Fredheim, som har vakse opp i Årdal, har skrive og spela inn musikk heime i studioet til faren sidan ho var 12 år. Og det var nettopp her den fyrste songen på albumet vart til.

– Far min har alltid lagt til rette for meg, så eg har vore veldig heldig slik, seier ho.

Les saka i Sogn Avis!