Hytta er det eigentlege Noreg
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Førsteamanuensis ved Senter for Ibsen-studiar i Oslo, Ellen Rees, har undersøkt kva hyttar betyr for nordmenn.
Kva ei hytte eigentleg er, kvar den kjem frå, og kva hytta fortel om norsk identitet, var nokre av spørsmåla ho ville finne svar på. Det skriv UiO på sine vevsider.
Møte mellom natur og sivilisasjon
I forskingsprosjektet «Cabin Fever: Place and Identity in Norwegian Literature 1814-2005» har Rees teke føre seg hytta gjennom historia, både i røynda og i litteraturen.
LES OGSÅ: Stirer på deg på bussen
– Kvar kultur har ein stad, ein type bygg med lag av meining og betyding langt utover det funksjonelle og estetiske, forklarar Rees.
Ho meiner at hytta kan vere like viktig som naturen for norsk identitet.
– Andre har hevda at naturen er norsk kultur. Eg meiner at det er naturen formidla gjennom eit mellomledd, hytta, som er norsk kultur. Nordmenn byggjer seg tilfluktsrom, som skapar rammer for å oppleve naturen og tilverke sivilisasjonen. Desse rammene er avhengige av både kultur og klasse. Difor kan vi lære vel så mykje om «det norske» ved å undersøke hyttene, seier ho.
Frå fattighus til Røkke-hytte
Betydinga av hytta har endra seg mykje gjennom åra. Før var den fattigmannen sitt hus.
LES OGSÅ: Vi er ikkje skapt til å krige
– Berre tenk på orda i nasjonalsangen – «Norske mænd i hus og hytte». Det Bjørnstjerne Bjørnson meinte med hytte, var noko heilt anna enn kva vi i dag forbind med hytte. Etter kvart vart hytta okkupert av eliten frå byen, stort sett menn, som ville jakte på fritida.
På starten av 90-talet forandra Noreg seg dramatisk.
– Ingen symboliserer dette betre enn Kjell Inge Røkke. Røkke-hytta er ein slags motreaksjon mot nøysemda og draumen om det enkle.
Likevel eksisterer framleis ideen om den spesielle staden og ideen om familielukke på hytta, meiner Rees.
LES OGSÅ: Joggedress eller grilldress