Rockefestival gir tilflytting

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Malakoff Rockfestival i Eid kommune i Sogn og Fjordane har ikkje berre vore ein musikalsk suksess. Festivalen har også ført til at fleire har slått seg ned i kommunen, ifølgje festivalleiinga.

LES OGSÅ: Fansen som slår belieberane

– Føresetnaden for at folk skal flytta ein stad er at dei har jobb og at det er skule og helsetilbod i nærleiken. Men eg veit at også eit rikt kulturliv påverkar kor attraktiv ein stad er. Med Malakoff har vi gjort Eid til eit treffpunkt, ein liten, men kul plass. Så festivalen har hatt betyding for tilflyttinga, sjølv om eg ikkje kan leggja fram noko statistikk på det, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal til Bergens Tidende.

Han er sjølv ein av dei som har flytta tilbake på grunn av festivalen.

LES OGSÅ: Dansar for framtida

Sidan han tok over som festivalsjef for seks år har han vore spesielt oppteken av å integrera dei nytilflytta.

– Alle som flyttar hit får tilbod om å arbeida som frivillig, og dei fleste vel å delta. Vi får veldig gode tilbakemeldingar på dette. For å arbeida med festival er ein veldig spleisande aktivitet, ein blir fortare ein del av lokalsamfunnet, seier han.

Når festivalen går av stabelen 18.– 20. juli i år, ventar festivalen rekordmange deltakarar med over 20.000 publikummarar.

LES OGSÅ: – Årets høgdepunkt!