Hordaland på dødsulykketoppen

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det syner tal frå Statistisk sentralbyrå. Det er ein auka på ein person, samanlikna med same periode i 2012.

Trass i auka frå i fjor vart første del av 2013 blant dei beste periodane dei siste ti åra. Frå 2003 til 2013 har gjennonsnittleg 103 liv har gått tapt i trafikken i årets første seks månadar. Dermed døydde det 27 færre menneske våren 2013, samanlikna med gjennomsnittet dei siste ti åra.

Auke i dei unge ofra
Når det er fleire omkomne i år enn i fjor, er det dels på grunna av ei auke i unge som mista livet i trafikkulukke. I første del av 2013 omkom 18 menneske under 24 år, og dette var fem fleire enn året før.

Fem av desse var barn under 16 år, og av desse fem var to passasjerar, to var akande og ein var syklist.

Når årets tal på omkomne totalt likevel ikkje er høgare enn fjoråret kjem det av at sju færre menneske mellom 25 og 44 omkom i 2013, samanlikna med 2012.

LES ÒG: Farlegare å bu i distrikta

Flest bilførarar blant dei drepne
Bilførarane er i fleirtal blant dei som mister livet, og heile 45 bilførarar er mellom dei omkomne. I tillegg til desse kjem 10 passasjerar, 5 motorsyklistar, 7 syklistar, 5 fotgjengarar, 2 akande, 1 mopedist og ein annan trafikkant.

Flest omkom i Hordaland
Det er store forskjellar i kvar folk døyr på vegane. I følgje tala frå SSB døyde det flest menneske i Hordaland og Buskerud, med høvesvis ti og ni omkomne kvar.

Færrast omkomne finner ein i Oslo, Aust-Agder og Finnmark. I desse fylka mista kun ein person livet i første halvdel av 2013. 

LES ÒG: Ver så snill, la oss sleppe å klippe deg ut av eit vrak!