Sommarjobb på sjøen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Anlegget er for tida eit stamfiskanlegg. Enkelt fortalt betyr det at merdane er fulle av feite hann- og holaksar, stinne av mjølke og rogn. Når tida er inne for det, blir godsakene strokne ut av fiskane for å gå vidare til storstila smoltproduksjon. Av dette blir det ei røys med smålaks.

Fiskane treng både mat, ettersyn og stell. I sommar har unggutane Geir Clement Wågen (18) og Stian Vika (22) teke på seg oppgåvene.

Stian er ferievikar på sjette året, medan Geir er fersk i faget.

Variert arbeid

– Likar du dette, Stian?

– Eg gjer nok det, sidan eg er her for sjette gongen. Det er fint å jobba ute på denne tida. Sjefane er flinke til å gi oss ansvar, noko som gjer jobben meir interessant, seier han.

Også Geir er fornøgd med sommarjobben han har fått seg.

– Ja, dette er kjekt. Det var ein del å hugsa i starten, men det går fint no, seier Geir som begynte i slutten av mai.

Karane har omtrent dei same oppgåvene på anlegget; å fylla fôr i det heilautomatiske fôringsanlegget og å sjå til at fiskane trivst. Daud fisk skal til dømes fjernast straks. Begge to rosar arbeidsmiljøet og dei to faste på anlegget, Svein Kjetil Miljeteig og Bjarne Ljusnes.

– Veldig kjekke folk med mykje humor!

På slike anlegg er det mangt som skal ordnast, også for ferievikarane.

– Vedlikehaldsarbeidet, som maling og småsnikring, deltek vi også i, likeeins henting og bringa av varer, folk og journalistar, fortel dei.

Anlegget ligg nokre få minuttar med hurtiggåande båt frå land. Presis etter avtalen klappa feriekarane til kai for å plukka opp Kvinnheringen sin utsendte. Slikt må ein kunna kalla framifrå service.

Kanskje til Åkra

Til vanleg studerer Stian økonomi på Høgskulen i Bergen. Kva jobb han ønskjer å enda opp med, veit han ikkje heilt enno. Geir har nettopp vore eit år som utvekslingsstudent i USA. Til hausten ventar siste året på vidaregåande i Øystese. Vegen vidare derfrå har han ikkje bestemt seg for enno.

– Eg er klar over at det begynner å hasta, men eg må tenkja litt til, seier 18-åringen.

– Har de tenkt på å busetja dykk i Åkra ein gong?

Ingen av dei er heilt framande for tanken.

– Ikkje umogleg, seier Geir.

– Ser i alle fall ikkje vekk frå det, forsikrar Stian.

Les fleire saker om sommarjobb her!

Les saka i Kvinnheringen!