Er som mobiloperatørar

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Ja, det har eg, svarar Viljar Hansen Losnegård (21) på spørsmålet om han har tenkt å nytte stemmeretten sin ved valet til hausten. Som fyrstegongsveljar ved stortingsval er han ofte oppteken av det som blir lite debattert i valkampen, som høgare utdanning og studielånssatsane.

Kvifor vil du stemme?

– Eg meinar det er veldig viktig å bruke stemmeretten sin. Det er utruleg viktig for eit samfunn, at kvart menneske skal få vere med å påverke kva for retning ein vil at Noreg skal styre mot. Viss få vel å stemme, vil ikkje utfallet og politikken reflektere det som folket vil.

Er det vanskeleg å finne ut kva parti du vil stemme på? 

– Eg synast ikkje det er så vanskeleg. 

Har du lyst til å røpe kva parti du vil stemme på? 

– Eg kjem til å stemme SV. 

Kva saker er viktige for deg? 

– Miljø, skulepolitikk og saker som omhandlar distrikts-Noreg. Samstundes er det som opptek meg mest, ofte det som blir lite debattert i valkampen. Eg synast det er trist at høgare utdanning fell ut av debatten. Studielånsordninga i Noreg er noko som eg synast fortenar ein debatt. Lite hjelp det saka at studentorganisasjonane vel å vere nøytrale politisk.

Kven påverkar deg i valet av parti? 

– Det er litt forskjellig. Parti har eg jo vald sjølv, men som med mange andre, så reflekterar ein jo ofte foreldra sine politisk. 

LES OGSÅ: Politikk for dei fantasifulle

 Kjenner du deg igjen i språket til politikarane? 

– Det kjem litt an på. Ein blir ikkje særleg smartare av å sjå på partidebattane, det er som oftast drittslenging og tåkeprat. Det gjeld alle dei aktuelle regjeringspartia, som blir meir passive og uklare.

Eg kjenner meg meir igjen i dei partia som ikkje er aktuelle regjeringsparti. Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt er meir direkte og uredde i uttalene sine, utan at eg nødvendigvis alltid er einig med dei.

Føler du politikarane snakkar til deg eller med deg? 

– Dei er som mobiloperatørar som prøver å selje deg eit abonnement. Det høyrast bra ut, men kostar alltid litt meir. 

Er du oppteken av kven som kjem inn på Stortinget frå ditt fylke? 

– Det er jo viktig at vi får representantar frå fylket inn på tinget. Navarsete har jo til dømes gjort mykje for Dalsfjordbrua.

Kven vil du skal vera statsminister etter valet? 

– Det står mellom Bjørn Sundquist og Jens Stoltenberg, men eg held ein knapp på Bjørn.

Kva parti meiner du bør sitja i draumeregjeringa di? 

– Viss eg skulle ha vald akkurat no, hadde det kanskje blitt MDG, SV og AP.

Dersom du fekk vera statsminister ei veke; kva ville du gjere då?

– Eg ville fyrst og fremst sparka Ola Borten Moe. Maktsjuke politikarar passar ikkje inn i norsk politikk. Kanskje eg hadde gitt han til Berlusconi, dei hadde samarbeidd godt. Etter det hadde eg arrangert teambuildingsbowling med pizza og brus for Stortinget. Ein gøy dag for folk flest. Til slutt hadde eg prøvd å ta opp ein del aktuelle debattar som eg meinar vi treng før vi druknar i eldrepolitikk. Kanskje forbod på julebrus før desember. Berre kanskje. 

Les siste ny om valkampen her!

Faktaboks

 

Namn: Viljar Hansen Losnegård                
Alder: 21
Kjem frå: Dale i Sunnfjord
Skule: Liverpool Institute of Performing Arts
Hobbyar: Musikk

Les fleire intervju med førstegongsveljarar her!