Usle fire spørsmål skil dei to som toppar lista over dei mest spørjelystne stortingsrepresentantane.

NPK-NTB-Mats Rønning
NPK-NTB-Mats Rønning

 

At begge representerer Framstegspartiet, overraskar neppe nokon.

– Frykteleg irriterande, seier Frp-nestleiar og finanspolitisk talsmann Ketil Solvik-Olsen.

Han har nettopp fått høyra at partifellen Bård Hoksrud frå Bamble i Telemark har levert flest spørsmål den siste fireårsperioden.

– Det er gøy å slå Ketil. Frp er jo eit konkurranseparti, smiler Hoksrud, som er godt nøgd med totalen på 336 spørsmål. Tala frå Stortingets datateneste avslører at jærbuen følgjer hakk i hel med 332.

– Seks veker med pappapermisjon to gonger har frårøva meg sigeren. Vi kan stilla to spørsmål i veka, så eg har tapt 24 spørsmål på å vera heime med barna, konstaterer Solvik-Olsen.

Sp på botnen

Frp-politikarane har for lenge sidan opparbeidd seg rykte som notoriske nysgjerrigperar i nasjonalforsamlinga i landet. Frå hausten 2009 og fram til sommaren i år har dei 41 representantane i partiet fyrt av 4.863 munnlege og skriftlege spørsmål, spørjetimespørsmål og interpellasjonar.

Spørsmål i Stortinget er først og fremst eit verkemiddel for opposisjonen, men dei elleve representantane til Senterpartiet har til samanlikning gjeve seg over til spørjelysten beskjedne 22 gonger.

Anne Wøien er den mest nyfikne i Sp , med åtte spørsmål og interpellasjonar dei siste fire åra. I SV er det Karin Andersen som går av med sigeren. Ho har stått for 17 av dei 45 spørsmåla til partiet, medan Håkon Haugli vinn den interne konkurransen i Arbeidarpartiet. 31 av 226 spørsmål den siste perioden har kome frå han.

Samanlagt blir fasiten 293 spørsmål frå dei raudgrøne. Det er godt under det talet Hoksrud og Solvik-Olsen har levert på eiga hand.

– Eg håpar at ei borgarleg regjering vil gje stortingsrepresentantane sine større rom til å ta opp spørsmål enn den raudgrøne synest å ha gjort, seier Solvik-Olsen.

Aktive Venstre

På plassen bak dei to Frp-representantane følgjer Venstre-leiar Trine Skei Grande med 280 spørsmål av totalt 452 spørsmål frå partiet. Deretter følgjer Frp-representantane Per Roar Bredvold frå Hedmark (267), Torgeir Trældal (265) frå Narvik og Harald Tom Nesvik (234) frå Møre og Romsdal.

Stortingsrepresentantane frå Høgre har samla levert 2.549 spørsmål. Hedmarkingen Gunnar Gundersen har med dei 220 spørsmåla sine vore mest aktiv. På andre plass i partiet finn vi næringspolitisk talsmann Svein Flåtten frå Vestfold med 175 spørsmål, medan justispolitikar André Oktay Dahl kaprar bronsen med 152 spørsmål.

Dei ti representantane til Kristeleg Folkeparti har spurt 1.127 gonger, og der i garden er Laila Dåvøy mest aktiv. Ho har gripe til spørsmål 176 gonger, 20 gonger oftare enn andremann Kjell Ingolf Ropstad. Tredjeplassen går til eksleiar Dagfinn Høybråten med 148 spørsmål.

QUIZ: Kva veit du om Framstegspartiet?

– Ulne svar

Bård Hoksrud i Framstegspartiet seier han ofte stiller spørsmål på vegner av enkeltpersonar som ber han ta opp spesielle og gjerne heilt konkrete saker.

– Denne ombodsmannsrolla er viktig for meg. Samtidig har eg jo eit auga for samferdselssaker, seier Hoksrud, som medgjev at han ofte har gjort eit tema av éin bestemt vegstrekning, nemleg E18 gjennom heimfylket Telemark.

– Eg har stilt spørsmål om alt frå amalgam i fyllingar til datalagringsdirektivet, men det eg kanskje er mest nøgd med å ha teke opp, er ønska til Telemark-politiet om å leggja ned lensmannskontor. Den prosessen klarte eg å få stoppa, seier Hoksrud.

Medan Ketil Solvik-Olsen trekkjer fram Kristin Halvorsen i SV som den av statsrådane som er flinkast til å gje klare og gode svar, meiner Hoksrud at Rigmor Aasrud i Ap fortener honnør.

– Den verste er nok finansminister Sigbjørn Johnsen. Han er ofte veldig overflatisk i svara sine til meg, meiner Solvik-Olsen. (©NPK)

Les siste nytt om valkampen her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE