Mange som reiser på ferie ynskjer seg gjerne litt meir spenning enn det late dagar på stranda kan gi. Å hoppe i strikk eller fallskjerm, rafte ned fossande elvar eller klatre på eit høgt fjell kan gi litt av eit kick, men går det gale er det slett ikkje sikkert at reiseforsikringa di er til hjelp.

Mange såkalla høgrisikoaktivitetar er ikkje omfatta av den vanlege reiseforsikringa, og krev ei ekstraforsikring.

LES OGSÅ: Ting du ikkje bør seie i ferien

– I 2012 hadde forsikringsbransjen nesten 100.000 reisesjukeskadar. Vi trur noko av grunnen til dette er at stadig fleire reiser og vel meir aktive feriar, som inkluderer risiko, seier reiseskadesjef Monica Rimestad i Tryg Forsikring i ei pressemelding.

Ho meiner folk ventar urealistisk mykje av kva reiseforsikringa dekkjer.

– Du må lese reisevilkåra før du dreg på ferie. Sjølv om reiseforsikringane har vorte mykje betre dei ti siste åra, er det framleis mykje som ikkje vert dekt. Det vil typisk vere høgrisikoaktivitetar som går utover det vi reknar som vanleg risiko. Døme på dette kan vere strikkhopping, dykking utan sertifikat, ekstrem motorsport, hanggliding og vasscooter-køyring, seier Rimestad.

LES OGSÅ: Gode odds i flykrasj

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE