… i alle fall i bilen. Musikken du høyrer på kan påverke korleis du køyrer.

Vikebladet/Jørund W. Johansen
Vikebladet/Jørund W. Johansen

Tryg Forsikring kjem no med anbefalingar om kva musikk du bør høyre på medan du køyrer, og kva musikk du bør styre unna, skriv Vikebladet.

Kan påverke køyrestilen
Musikken du høyrer på kan påverke køyrestilen din. Difor trur Tryg Forsikring det kan vere lurt å unngå veldig rask eller aggressiv musikk medan du køyrer. For sjølv om musikk ikkje er ein direkte ulukkesårsak i trafikken, så kan songane du høyrer distrahere deg eller stresse deg opp unødvendig.

– 58 personar har så langt i år mista livet i trafikken, så vi synest det er viktig å minne sjåførane om ulike faktorar som kan redusere stress medan ein køyrer bil, seier pressetalsmann i Tryg, Roald Stigum Olsen.

LES OGSÅ: Roppen frå Flø

Tryggast med rolegare musikk
Stigum Olsen baserer sine uttalelsar på ei britisk undersøking (confused.com) som syner at bilsjåførar køyrer best, eller tryggast, når dei høyrer på roleg musikk.

Britiske sjåførar vart overvåka under køyringa medan dei høyrde på ulike typar musikk. Det viste seg at dei køyrde mykje betre og meir kontrollert under påverknad av den meir rolege typen musikk.

Påverkar følelsane
– Resultata frå denne undersøkinga er ikkje overraskande, seier overlege og musikkprofessor Geir Olve Skeie.

Sjåførane køyrde best når dei høyre på relativt roleg musikk der takta ikkje oversteig hjerterytmen, som ligg på 60-80 slag i minuttet.

– Konklusjonen må kanskje vere at bilmusikk ikkje bør vere for rask eller for aggressiv i uttrykket, seier Skeie.

Musikken går rett inn i dei emosjonelle delane av hjerna og påverkar oss, anten vi vil eller ikkje.

– Vi veit at spesielt unge i dag brukar musikk kontinuerlig meir eller mindre bevisst, for å sette seg i ei ønskja stemning. Høyrer ein på rytmisk musikk, vil dei fleste av oss ubevisst trampe takta eller nikke litt på hovudet. Då er det ikkje unaturleg at også tempoet på fartøyet aukar i takt med musikken, seier musikkprofessoren.

LES OGSÅ: Kva er det eigentleg med Elvis, Elvis?

Ikkje altfor roleg heller
Enkelte av dei britiske deltagarane hadde sjølv merka at dei sette opp farta då dei høyrde på rask musikk. Mellom anna køyrde ei kvinne meir aggressivt når ho høyrde på hiphop. Det same skjedde med ein mann som lytta til black metal.

Dette viser at spelelistene ein høyrer på under bilferien ikkje bør innehalde musikk med for høgt tempo eller volum. Samstundes bør du unngå altfor søvndyssande musikk, vi ønskjer ikkje at folk skal sovne bak rattet heller, presiserer pressetalsmann Roald Stigum Olsen.

– Alle må sjølvsagt finne favorittlåtene sine. Nokon treng litt rytme for å halde seg våken. Vi ønskjer kun å bevisstgjere om at alt som skjer i bilen under køyring, påverkar deg som sjåfør.

LES OGSÅ: Gitar i handa gjer menn attraktive

12 låter som gjer deg til en tryggere sjåfør:

·         Tracy Chapman: Fast car

·         Unni Wilhelmsen: Won't go near you again

·         Celine Dion: My heart will go on

·         Elton John: Your Song

·         Justin Timberlake: Cry me a river

·         Aerosmith: I dont want to miss a thing

·         Jason Mraz: I'm yours

·         Brandi Carlile: The story

·         Van Morrison: Into the Mystic

·         Cat Stevens: Peace train

·         Fleetwood Mac: Everywhere

·         Kurt Nilsen: My Street

12 sanger du bør styre unna:

·         Nuclear Family: Smashing cars

·         MRK1: I kill you

·         Prodigy: Smack my bitch up

·         Metallica: So what

·         Survivor: Eye of the tiger

·         System of a down: Cigaro

·         Snap: I got the power

·         Guns n Roses: Welcome to the jungle

·         Åge Aleksandersen: Levva livet

·         Rammstein: Du hast

·         Scooter: Bullet Wound

·         Psy: Gangnam style

Les saka i Vikebladet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45
ANNONSE