Gode odds i flykrasj

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For mange er flyulukker det ultimate marerittet. Då er det gode nyhende at sjansane for å overleve faktisk er ikkje er så verst.

Over 95 prosent av flypassasjerane som er involverte i flyulukker, overlever, ifølgje det amerikanske National Transportation Safety Board (NSTB). Det skriv LiveScience.

Det er likevel ingen grunn til å ikkje førebu seg. Alle har vi vel latt tankane vandre medan flyverten går gjennom tryggleiken. Ifølgje NSTB kan den overdrivne trua på at flykrasj uunngåeleg er dødelege, føre til farleg apati. I staden bør ein ta nokre grep for å auke eigen tryggleik, meiner ekspertane.

Kle deg praktisk
Det første ekspertrådet er å kle seg praktisk.

– Sjå føre deg at du må springe vekk frå eit brennande fly. Kor raskt vil det gå i flip-floppar eller høghæla sko, spør Cynthia Corbett, som arbeider ved den føderale luftfartsadministrasjonen i USA.

Langbukser og langerma trøyer er også lurt, som vern mot flammar og skarpe gjenstandar. Ifølgje NTSB har 68 prosent av dei omkomne i flyulukker døydd i brannar som oppstår etter krasja.

LES OGSÅ: Sydenfyll rammar borna

Gjer kloke seteval
Det andre rådet er å plassere seg strategisk i flyet. Sannsynet for å omkomme i eit flykrasj er større om ein sit framme i flyet, enn om ein sit lenger bak. I ein studie fann Popular Mechanics at personar som satt bak vingene hadde 40 prosent større sjanse for å overleve, enn passasjerar som satt framme i flyet. Alle flykrasj er sjølvsagt ulike, og i nokre få tilfelle har passasjerar fremst i flyet vore heldigare.

Uavhengig av kvar i flyet ein sit, bør ein plassere seg nær ein utgang. Sete ved midtgangen skal dessutan vere noko tryggare enn vindaugs- eller midtsete.

Take-off og landing
Dei fleste flyulukker skjer i laupet av dei tre minutta etter takeoff og dei siste åtte minutta før landing. Då er det lurt å ha skoa på og notere seg nærmaste utgang. Ekspertane rådar deg også til å plassere handbagasjen under setet framføre deg, slik at du verner føtene dine. Brekte bein er vanlege i flykrasj.

LES OGSÅ: Menn klagar mest

90-sekunds-regelen
Dei første nitti sekunda etter ei flyulukke er dei mest avgjerande. Dersom ein kan halde seg roleg og komme seg raskt ut av flyet, er sjansane for å overleve mykje større.

Nokre passasjerar får panikk og klarar ikkje å løyse setebeltet.

– Derfor er det viktig å vite kva ein skal gjere, også utan å få ordre, seier Corbett til WEbMD.

Bagasje og andre personlege eigedelar må ein la liggje.

Like trygt som ei rulletrapp
Trass i at mange har flyskrekk, forsikrar tryggleiksekspertane at å fly er svært trygt. Berre éin av 1,2 millionar flyturar ender i ei ulukke, ifølgje NTSB, og oddsen for å omkomme i ei flyulukke er ein til 11 millionar, ifølgje Discovery. Til samanlikning er oddsen for å døy i ei bilulukke kring éin til 5000.

– Å fly er like trygt som å gå i ei rulletrapp. Det betyr likevel ikkje at ein ikkje skal førebu seg. Men ikkje la råda skremme deg, berre ha ein plan, råder Corbett.

LES OGSÅ: Og til venstre ser vi eit heilt fantastisk land