Saksøkt for hormon-app

Produsenten saksøkte Forbrukarrådet då salet av A-crème fall.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter at Forbrukarrådet lanserte sin hormonsjekk-app fall salet av A-crème.

Produsenten av kremen, Naturlig Valg AS, meinte at forbrukarane valde vekk produktet deira som følgje av Hormonsjekk-appen, og gjekk til søksmål mot Forbrukarrådet for fallande inntekter.

Oslo tingrett er ikkje einig, og har frifunne Forbrukarrådet, og dømt Naturlig Valg til å betala 290.000 kroner i sakskostnader.

LES OGSÅ: Biff like ille som bil

– Viss salet av A-crème har gått ned, er det fordi forbrukarane sjølve har valt bort produktet. Dette er dei sjølvsagt i sin fulle rett til å gjera, seier direktør Randi Flesland i Forbrukarrådet i ei pressemelding.

Hormonsjekk-appen lèt forbrukarane finna ut kva hudpleieprodukt som inneheld hormonforstyrrande stoff. Appen informerer om lista til EU over stoff som er mistenkt å ha hormonforstyrrande effekt på menneske. A-crème inneheld methylparaben, som er eitt av stoffa på denne lista.

Tingretten viser i dommen til at Forbrukarrådet har sett søkjelys på eit alvorleg tema, og er i sin fulle rett til å sikra at forbrukarane kan ta trygge val.

LES OGSÅ: Forbrukarane nyttar ikkje makta si