Sverige er nest best

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit godt omdøme er lettare å misse enn å få, seiast det. Då kan det kanskje glede söta bror at Sverige har nest best omdøme i verda.

Omdøme-instituttet
Amerikanske Reputation Institute reknar seg sjølv som verdas fremste ekspert på omdøme-konsultasjon. I sin årlege rapport har instituttet lista opp dei femti landa med best omdøme, skriv IceNews. Både økonomiske, sosiale og kulturelle faktorar er med i vurderinga. Ifølgje talsmann for instituttet, Nicolas Georges Trad, utgjer desse faktorane personlegdomen til landa og landa si evne til å trekkje til seg investeringar, turistar og talent.

LES OGSÅ: Bygdeoptimisten

Canada på topp
Canada ligg på førsteplass, for tredje år på rad. Sverige har klatra frå tredje- til andreplass, og Sveits ligg på tredjeplass.

Først på femteplass kjem Noreg. Sju av dei ti landa med best rykte er skandinaviske land, medan Pakistan, Iran, Irak og Nigeria ligg i botnen av lista.

LES OGSÅ: Slik skal dei lokke fleire til gards

Frå mat til tillit
Rangeringa er basert på intervju med kring 27 000 menneske frå G8-land. Blant kriteria var folkemengd, storleiken på økonomien og korleis offentlegheita såg på landet. Respondentane vart spurt om sine kjensler, tillit og respekt for sine respektive land. I tillegg vart dei spurt om mellom anna mat, produktkvalitet, idrett og fysisk utsjånad.

LES OGSÅ: Sognefjorden på ti-på-topp-liste