Færre jervekull i år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til no har feltmannskap frå Statens naturoppsyn (SNO) påvist 40 kull med jervekvalpar i Noreg. Det er atskilleg færre enn i fjor, då det vart registrert 68 kvalpekull.

– Om dette er det endelege resultatet av registreringane i år må vi tilbake til 2002, då det vart påvist 30 kvalpekull, for å finne færre kull. Det nasjonale bestandmålet er 39 kvalpekull i Noreg kvart år, og no ser det ut til at bestanden er nær målet, seier leiar Morten Kjørstad i Rovdata.

LES OGSÅ: Valde sauepass føre studierelevant jobb

Størst er nedgangen lengst nord i landet.

– I Troms og Finnmark er det ein reduksjon frå 28 kull i fjor til åtte i år. Sjølv om det står att noko feltarbeid i desse fylka er det ikkje tvil om at det er ein stor reduksjon i denne regionen, seier Kjørstad.

I Finnmark er det ikkje registrert eitt einaste kull, noko Kjørstad seier er oppsiktsvekkjande. Jerven føder kvalpar i siste del av februar og mars og registreringsarbeidet skjer på vinteren og utover våren. Endeleg tal på kvalpekull er klart 1. oktober.

LES OGSÅ: Brann seg fast