– Å stemme er engasjement

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Sjølvsagt! Eg gler meg til å gje mi første stemme, svarar Sara Furuholmen på spørsmålet om ho vil nytte stemmeretten sin ved stortingsvalet til hausten. Ho meiner det å nytte stemmeretten er ei borgarplikt, i eit land med ytrings- og informasjonsfridom.  

Kvifor vil du stemme?
 –Fyrst og fremst for å bidra til å ha ei stemme, ved å stemme på eitt parti som samsvarar med mine synspunkt. Eg trur det viktigaste i vårt samfunn er å engasjere seg, for det er det første steget mot forandring. Er det noko ein er misfornøgd med kan ein stemme annleis ved neste val. Å stemme er engasjement – det er ei borgarplikt i eit land med ytrings- og informasjonsfridom.    

Er det vanskeleg å finne ut kva parti du vil stemme på?
– Nei, ikkje for min del. Eg har visst lenge kva eg skal stemme. Eg tok ein test på internett fleire år attende, og sidan den gong har eg ikkje vore i tvil. Eg veit det ikkje er tilfellet for mange unge, som slit med kva dei skal velje og tru. Eg trur problemet er at fleire ikkje orkar å setje seg inn i politikk ved å fylgje med i media og debattar, og så endar med å berre gje opp. Det dummaste er likevel å ikkje bruke stemmeretten din. Då er din verdifulle stemme bortkasta "one man, one vote" – vi har alle innverknad!  

Har du lyst til å røpe kva parti du vil stemme på? 
– Arbeidarpartiet.  

Kva saker er viktige for deg?
– Eg ynskjer fyrst og fremst ein sterk offentlig sektor, med sosial rettferd ved omfordeling av skattesetelen. Eit fritt samfunn som tek vare på kvarandre, er tolerante og som tek ansvar for urett i verda. Ein av hjartesakene mine er miljø. Vi ungdommar er framtida og det er vår oppgåve å reparere dei fatale skadane tidligare generasjonar har skapt, og det ved å kutte massivt i vårt eige forbruk. Investering i forsking og finansiering av fornybare ressursar er vegen å gå. I tillegg er utdanning eller skulepolitikk viktig, og særs engasjerande.  

Kven påverkar deg i valet av parti?
– Interesseorganisasjonar som Natur og Ungdom og Bellona har påverka mine synspunkt og val av politisk parti i stor grad. Andre er familie, media og vener, i liten grad.  

Kjenner du deg igjen i språket til politikarane?
– Eg beundrar veltalande politikarar. Gode talarar til dømes, med god retorikk og overtalande stemme, har dei stor innverknad – ein politikar som innser og kan formidle problema i  samfunnet. Om eg stolar fullt og heilt på politikarane, veit eg ikkje.. Eg tek alt med ei klype salt, det er jo ofte dei seier ting fordi dei veit at det er det ein vil høyre.      

Føler du politikarane snakkar til deg eller med deg? 
– Definitivt med meg.  

Er du oppteken av kven som kjem inn på Stortinget frå ditt fylke?
– Ja, ganske.  

Kven vil du skal vera statsminister etter valet?
– Jens!! Alle gode ting er tre.  

Kva parti meiner du bør sitja i draumeregjeringa di?
– Eg har veldig sans for dei relativt små partia, og tykkjer det er gøy at parti som Miljøpartiet Dei Grøne får auka merksemd og støtte. Ei optimal regjering, om det finst ei, hadde vore Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne og miljøpartiet foreina – det skulle eg likt å sjå.  

Dersom du fekk vera statsminister ei veke; kva ville du gjere då?
– Då hadde eg stoppa all krig og fattigdom i verden. Neidå, då hadde eg nok kutta  prisane for kollektiv transport. Dei er alt for høge.   

Møt fleire førstegongsveljarar her!

Faktaboks

 Namn: Sara Furuholmen  

Alder: 18

Kjem frå: Oslo  

Skule: Dramalinja på Hartvig Nissen

Hobbyar: Teater, lese, spele tennis, vere med vener og fotografere.