– Nynorske barnebokforfattarar må ta den plassen dei fortener, meiner litteraturformidlar.

Forfattar, dyrlege, statsvitar og skribent Anne Viken er på hogget for tida. Til hausten kjem neste bok i spaningsserien om Elise og det tyder promoteringstid. I sommar inneber det kyr, hestar og heimebygde kamerakraner på Jølster.

Viken filmatiserer scener frå den komande boka Elise og mysteriet på hesteklinikken,og frå den første boka, Elise og mysteriet med dei døde hestane.Målet er å nå fleire lesarar. Særleg håpar ho at filmane kan nå ut i bokmålsområda.

– Eg vil bryte gjennom bokmålsmuren og få fram kva boka handlar om. Filmane kjem eg til å leggje ut på nett, men om dei hadde blitt synt på kinoar hadde det jo ekstra vore kult, seier Viken.

LES OGSÅ: Skriv for dei som ikkje vil lese

Artikkelen held fram under biletet.



Elise, alias Elisabeth Solheim Brekke, på hesten Surprise. Kameramann Jørn Nedrebø i bakgrunnen. Foto: Anne Viken.

– Mykje å lære av Viken
Litteraturformidlar Janne Karin Støylen, som har barne- og ungdomslitteratur som arbeidsfelt, meiner andre forfattarar har mykje å lære av Viken.

– Eg trur ikkje det er vanskelegare å få merksemd kring barne- og ungdomslitteratur på nynorsk enn på bokmål, men tradisjonen for å ta den plassen ein fortener er kanskje ikkje sterk nok blant nynorskforfattarane, seier Støylen.

Ho understrekar at kvaliteten på litteraturen som finst er god. Men kanskje har nynorskingane gløymt formidlinga i all kvalitetssikringa?

– I fleire tiår har ein arbeidd iherdig med kvaliteten, men vore forsiktige med promoteringa, seier Støylen.

Dermed meiner litteraturformidlaren at det kan ha noko føre seg å kaste eit blikk på Viken.

– Å få merksemd er nok ikkje så vanskeleg når ein først har bestemt seg. Sjå på Viken – ho er uredd og tek ei heilt anna tilnærminga enn vi er van med, og bøkene hennar hamnar i handlekorga, seier Støylen.

Trass i at kvaliteten vert lovprisa, vert nynorske bøker for barn og unge i mindre grad lånt, kjøpt og lese enn bokmålsbøkene. Mishøvet er ifølgje Støylen større enn mengda utgjevingar skulle tilseie.

– At det finst lite litteratur på nynorsk har blitt eit sjølvforsterkande mantra, men det stemmer ikkje. Vi skulle jo sjølvsagt ønskje det var meir slik litteratur, men det finst allereie ganske mykje. Vi får heller lese det som finst først, og så eventuelt klage, ler ho.

LES OGSÅ: – Låner faretruande lite nynorsk

Fell naturleg å promotere
Då Anne Viken gav ut si første bok, kasta ho seg over telefonen og ringde matbutikkar i søkk og kav. Ho stakk innom nærbutikkar ho tilfeldigvis passerte og spurde om ho kunne få signere og selje boka si der. Då kunstmuseet opna i Førde troppa ho opp med veska full av bøker. I bagasjerommet ligg alltid nokre eksemplar, i tilfelle nokon spør.

Ho stiller opp til høgtlesing og supplerer med å forklare korleis høna fungerer og teikne hjarte og lunger på hestar. Siste stunt var å annonsere etter ein hest frå Sunnfjord som ville bli filmstjerne.

– Eg fekk respons med ein gong og eigaren av hesten frakta den til Jølster. Det var aldeles imponerande, fortel Viken.

Ho meiner ein som forfattar må stole på at ein har noko som er bra.

– Forlaget har trua på bøkene mine, eg tykkjer sjølv dei er gode, og då trur eg jo andre vil ha glede av å lese dei. Marknadsføring handlar om nå ut, seier Viken.

Artikkelen held fram under biletet.


Elisabeth Brekke Solheim, alias Elise, sjekkar celletal i kumjølk. Foto: Anne Viken.

Forfattaren tek godt imot komplimenten frå Støylen.

– Nokre seier at kvalitet sel seg sjølv og at lesarane finn fram til det dei synast er interessant. Til det er svaret at nei, slik er det ikkje, slår ho fast.

– Folk må vite om boka, og då må den presenterast for dei.

Så langt har Viken solgt over 3000 eksemplar av den første boka om Elise, som er gitt ut i to opplag.

Journalisterfaring gjer at Viken tenkjer som ein journalist. Det brukar ho for fullt i marknadsføringa. Når noko skjer ringer ho media (som ho også gjorde til Framtida.no). Sidan ho trur folk fort vert leie av rein reklame, er strategien å skape ei historie kring boka.

– Når vi filmar scener i boka får vi fram innhaldet, samstundes som det skjer noko. Då får folk augo opp, meiner ho.

Om nokon skulle meine at Viken blir for aktiv på promoteringsfronten, tek ho ikkje det så tungt.

– Når eg driv med noko, gjer eg det fullt ut. Å promotere bøkene mine fell meg heilt naturleg. Eg er litt galen, men det kan kanskje gi meg ein føremon, ler ho.

LES OGSÅ: Til kamp for det gode språket

Forfattarrolla i endring
Viken si andre bok blir gitt ut på Det Norske Samlaget, der Ragnfrid Trohaug er redaktør for barne- og ungdomslitteratur. Ho er glad for kreative innspel til å skape blest kring sitt felt.

– Å få merksemd kring barne- og ungdomslitteratur er vanskeleg, på begge målføra. Vi er ikkje i nærleiken av å få den same merksemda som til dømes Jo Nesbø eller Per Petterson får. For å skape blest er det ein god idé å tenkje alternativt, slik Viken gjer, seier Trohaug.

Ho peikar på at nynorske barne- og ungdomsbøker i større grad vert meldt enn bokmålsbøker for same målgruppe, men at nynorskbøkene samstundes er mindre synlege i bokhandlane og biblioteka. Dermed krev det meir av alle som arbeider med barne- og ungdomslitteratur for å gjere den synlegare, meiner Trohaug. I august kjem difor Samlaget med ein omfattande katalog om nynorsk barne- og ungdomslitteratur.

– Den seigliva myten om at det finst så lite på nynorsk lever endå, sjølv om breidda aldri har vore så stor. Så no skal vi vise folk at titlane finst, seier ho.

Trohaug fortel at forlaga arbeider med promotering på mange frontar, som mot festivalar, arrangement og bokhandlarar. At marknadsføringa har lide under arbeidet for kvalitet er ho difor ikkje einig i. Men ho trur Støylen kan ha rett i at tradisjonen for å krevje sin plass ikkje har vore så sterk blant nynorskforfattarar. Det er i endring, meiner Trohaug.

– Før skreiv forfattaren boka, gav den ut og var ferdig med den. No er det andre krav til å gjere seg synleg. Forfattarane må stille opp på arrangement, lage si eiga nettside, og i større grad enn før vere ein merkevare.

Utviklinga kan vere både bra og dårleg, meiner redaktøren.

– Kor godt ein trivast i den rolla er forskjellig. Nokon vil gjere mykje, andre vil vere ferdige med sitt når boka er skriven. Vi må har rom for begge typar forfattarar, seier ho. 

Og Viken? Ho fekk både oss, Klassekampen, Nationen, Firda, Firda Tidend og NRK til å skrive om nynorske barne- og ungdomsbøker.

LES OGSÅ: Skeiv litteratur til folket!


F.v. Torbjørg Grimsbø Eskeland som hesteeigar, hesten Bols, Reiel Haugland som Kalle og Elisabeth Solheim Brekke som Elise. Foto: Anne Viken


Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45
ANNONSE