Den varsla tiggarstormen i hovudstaden ser ikkje ut til å bli noko av.

NPK-NTB
NPK-NTB

Tal frå Frelsesarmeen tyder på at den varsla tiggerstormen i hovudstaden ikkje ser ut til å bli noko av. Det er truleg færre romfolk i Oslo i år enn i fjor, skriv Dagsavisen.

Ser ingen auke
Oversynet til Frelsesarmeen viser at det er mellom 300 og 400 romfolk i Oslo no i byrjinga av juli.

– Samanlikna med i fjor vil vi seie at det heller er litt færre enn fleire romfolk i Oslo. Vi kan heller ikkje sjå at det har vore nokon auke no i sommarmånadene samanlikna med andre milde månader, seier regionsleiar Frode Woldsund i Frelsesarmeen til Dagsavisen.

Han strekar under at det kan vere at fleire drar til andre byar i staden.

LES OGSÅ: Hjelper romfolk – i Romania

Åtvarar mot skremselspropaganda
Assisterande generalsekretær Johannes Heggland i Kirkens Bymisjon åtvarar mot å blåse opp skremmebilete og viser til at det i mars og april i år var fleire som spådde ein krevjande tiggarsommar i Oslo.

– Særleg gjeld det å trå varsamt når skremselspropagandaen blir kopla opp mot folkegrupper basert på synsing. Tidleg på våren kom det mange meldingar frå ulike hald, frå politi og andre som i media fortalde at det kom til å komme langt fleire tilreisande for å tigge i år enn før. Ein fekk inntrykk av at dei kom til å komme i tusenvis, og at dei allereie var på veg, seier Heggland.

Meir forståing
Grete Herlofson i Røde Kors seier til Dagsavisen at ho opplever debatten kring romfolket som rolegare enn i fjor. Overnattingstilbodet i Tøyenkirken, som Røde Kors og Kirkens Bymisjon står bak, er bemanna av frivillige, og Herlofson fortel at interessa for å hjelpe til er stor.

–Vi har dekka behovet for sommaren, fortel Herlofson.

LES OGSÅ: Asylbarna med alvorleg melding

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE