Ville laga betre skuleløysingar

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Kanskje? Eg har ikkje bestemt meg endå, svarar Bjørn Olav Underdal Hermansen frå Vinje i Telemark, på spørsmålet om han har tenkt å bruke stemmeretten ved stortingsvalet til hausten.

Kvifor vil du stemme?

– Fordi mi stemme kan ha noko å seie.

Er det vanskeleg å finne ut kva parti du vil stemme på?

– Eg har eigentleg ikkje lest meg så mykje opp på dei ulike partia, men eg testa valgomaten på Framtida.no og då var eg mest einig med Høgre.

Har du lyst til å røpe kva parti du vil stemme på?

– Høgre.

Kva saker er viktige for deg?

– Eg brenn ikkje for nokre spesielle saker.

Kven påverkar deg i valet av parti?

– Vener og familie.

Føler du politikarane snakkar til deg eller med deg? 

– Til meg.

Er du oppteken av kven som kjem inn på Stortinget frå ditt fylke? 
– Nei.

Kven vil du skal vera statsminister etter valet?

– Erna Solberg.

Kva parti meiner du bør sitja i draumeregjeringa di?

– Veit ikkje, eg har ikkje ei draumeregjering.

Dersom du fekk vera statsminister ei veke; kva ville du gjere då?

– Få betre løysingar i skulen og betre rettleiing i utdanning. 

LES OGSÅ: – Mange parti meiner det same, men likevel ulike

Faktaboks

Namn: Bjørn Olav Underdal Hermansen

Alder: 18

Kjem frå: Vinje

Skule: Kvitsund Gymnas

Hobbyar: Telemarkski, musikk, longboarding