Stel frå postkassane

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Posten melder om over 100 tjuveri frå dei raude tømmepostkassane kvart år. Folk vert råda til å gå til postkontoret med verdifull post.

 

Tjuvebandane som forsyner seg av postkassane, er mellom anna ute etter konvoluttar med pengar, som til dømes vert sendt som bursdagsgåve.

LES OGSÅ: Fann urgamal elg

– Pengar i brev er ikkje lovleg, seier Hilde Ebeltoft-Skaugrud, som er pressesjef i Posten.

– Når folk ynskjer å sende noko verdifullt, bør dei gå til eit postkontor eller Post i Butikk. Det er eit trygt alternativ, seier Ebeltoft-Skaugrud.

Totalt finst det 21.000 raude tømmepostkassar i Noreg. Desse vert oftare og oftare utsett for tjuveri. Sommaren er høgsesong for tjuvebandane.

LES OGSÅ: Vil vere ei stemme for dei stemmelause