Biff like ille som bil

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nordmenn et stadig meir kjøt og utsleppa av klimagassar som følgje av kjøt-eting nærmar seg utsleppa frå den norske bilparken.

I gjennomsnitt et kvar nordmann seks kyr og oksar, 27 griser, 22 sauer og lam, 2,6 hjortedyr og 1.147 kyllingar og anna fjørfe gjennom livet, skriv Dagsavisen.

LES MEIR: Semje om landbruksreform i EU

Medan utsleppa av klimagassar som følgje av kjøtt-etinga har auka til mellom 0,5 og 0,8 tonn per person i året, har utsleppa frå private bilar gått ned og er venta å falle ytterlegare frå 1,1 tonn per person i året i dag. Årsaka er dei strenge utsleppskrava.

Det er i rapporten «Livsløpsgrillen» som er laga av Framtiden i våre hender, at det blir sett søkjelys på utsleppa frå nordmenn si kjøt-eting. Ifølgje utrekningane frå organisasjonen er kvar enkelt nordmann ansvarleg for utslepp av mellom 40 og 65 tonn klimagassar gjennom livet på grunn av kjøt-etinga si.

LES MEIR: – Verdas største utfordring