Ugras eller delikatesse?

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sommaren gjennom har nettsida bioforsk.no kvar veke eit ugras som tema. Og denne veka er det løvetann som er i fokus: Planta barn elskar å plukke og vaksne hatar å luke frå beda sine. Men visste du at løvetanna er utgangspunkt for ei rekke spanande oppskrifter?

 

Gild plante i gamle dagar
Løvetanna er ingen ny plante i norsk flora, fortel Helge Sjursen til bioforsk.no.
–Dette skjedde i starten av yngre steinalder, som varte frå 3000 til 500 f.Kr. Klimaet den gong var varmt og tørt, og mange typar ugras dukka opp på denne tida, seier Sjursen.

Han kan vidare fortelje at planta i tidlegare tider blei sett på som ein svært verdifull plante, og kan fortelje både om løvetannfrøsal og strenge straffer for løvetannplukking.

–I Hardanger fortel folk endå historia om guten som fekk juling av far sin fordi han plukka ei løvetann i tunet. Ein så gild plante skulle nemlig få stå i fred!

–Og det var ikkje bare i Noreg at løvetann blei verdsett. Mellom anna var det i London eit firma som i mange år hadde god handel med løvetannfrø til utvandra engelskmenn, som rett og slett ikkje kunne unnvere yndlingsplanten sin, fortel Sjursen vidare.

 

Opp med rota!
Om du ikkje er like glad i ha løvetann i tunet som Hardangerbonden frå historia, er du kanskje interessert i tips til å få ugraset bort. Ifølgje Sjursen gjeld det då å ta blomen ved rota.

–Hakking og luking med løvetannklo er det mest effektive i hagen. Det viktigaste er å få med rota. Når det er ein veldig vekst i løvetanna, dukkar blomsterknoppen opp i senteret av rosetten og då bør han bli teken opp. Prøv å unngå frøspreing og bruk dekkemateriale i busk- og treplantingar eller til dømes ugrasmiddelet ‘Ugresskverk Spray’, rådar Sjursen.

 

Løvetannoppskrifter
Men dersom du vil rykke opp planten med rota, treng du likevel ikkje å kaste alt på komposten. Mange meiner nemlig at løvetanna er ei delikatesse. På vevsida thekitchen.com presenterer dei i høve løvetannsesongen ti oppskrifter der løvetann inngår. Her kan du til dømes lære å lage løvetannpesto og pasta med skjell og løvetann. Eller kva med ein enkelt og lekker løvetannsalat, frå allrecipe.com?Ifølgje dei som har smakt skal løvetannblada smake som ruccola.

Om du er av den sorten som liker drikke betre enn mat, er det heller ingen grunn til å fortvile. Yahoo.com kjem med oppskrifter på heile fem drikker du kan lage av løvetann. Både te, kaffi, øl og vin kan du lage av planten, så her er det berre å slå seg laus i blomeenga.