Fleire heimlause

Framtida
Publisert
Oppdatert 13.04.2017 14:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje tal frå Norsk institutt for by- og regionsforsking var 6 259 personar utan fast bustad i fjor. Dette er ein liten auke frå 2008, då talet var 6 091.

Tek ein omsyn til befolkningsveksten, er delen bustadlause relativt stabil, ifølgje Vårt Land

LES OGSÅ: Over 45 millionar på flukt

Over halvparten, 54 prosent av dei bustadlause er rusmisbrukarar og 38 prosent er psykisk sjuke. Sju av ti er menn, og 23 prosent av dei bustadlause er fødde i utlandet.

Blå Kors meiner det er ein skam for nasjonen at regjeringa ikkje maktar å redusere talet på bustadlause.

– At så mange er bustadlause er ein skam for nasjonen. Det er heilt meiningslaust, seier generalsekretær Jan Elverum i Blå Kors til avisa.

Kirkens Sosialtjeneste er einig.

– Kvar person utan bustad er ein person for mykje. Å vere utan bustad er nedbrytande for folk. Om ein skal vere trygg medborgar, føreset det bustad, seier generalsekretær Helmuth M. Liessem. (©NPK)
 

LES OGSÅ: – Helvete sel ikkje