Tajik støttar stipend til Fjordman

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Peder Nøstvold Jensen, alias Fjordman, fekk i juni 75.000 kroner i stipend frå Fritt Ord til eit bokmanus han arbeider med.

I ein kronikk i VG tysdag skriv Hadia Tajik at ho forstår avgjersla frå Fritt Ord, ei avgjerd som dei sjølv seier blei gjort under stor tvil, med vekt på at han har eit særskilt behov for å ytre seg etter å ha blitt kopla så sterkt til terrorangrepa 22. juli 2011.

– Eg kan forstå at dei har tvilt seg fram til denne konklusjonen, skriv Tajik.

– Det eg fryktar mest, er ikkje meiningane til Peder Nøstvold Jensen alias Fjordman. Det er at me ikkje imøtegår dei. Derfor støttar eg Fritt Ords pengestøtte til bloggaren, skriv kulturministeren.

Etter synet hennar løftar ikkje Fritt Ord Nøstvold Jensen inn i det gode selskap med stipendtildelinga.

– Fritt Ord inviterer oss, det gode selskap, til å skjerpe argumentasjonen mot ekstremisme og hatretorikk. Den invitasjonen bør vi ta. Evna til å gå i rette med antidemokratar er vår demokratiske beredskap.

– Fritt Ords tildeling tvinger oss til å sjå ein ekstremist i auga og diskutere med han, skriv Tajik.

LES OGSÅ: – Verdas største utfordring