Rekordmange vil i Forsvaret
Mest aukar søkjartala i Oslo og i to vestlandsfylke.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I år har 5.550 personar søkt leiarutdanning i Forsvaret. Det er ny rekord, melder NPK.
Nesten 1.500 ungdommar møtte i dag til opptak i Forsvaret for å konkurrere om 600 plassar. Forsvaret har i år ein auke i talet på søkjarar på 13,5 prosent frå i fjor.
Mest aukar søkjartalet frå Oslo, der 36 prosent fleire søkte i år. Også Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har merka stor pågang.
LES OGSÅ: Ein av tre fryktar kriminalitet
– At det er to vestlandsfylke som går opp, er vi veldig nøgde med. Forsvaret er lite synleg på Vestlandet, så det er godt å sjå at vi når desse ungdommane likevel, seier personaldirektør Tom Simonsen i Forsvaret i ei pressemelding.
Forsvaret tar i år opp om lag 600 elevar, som er fordelt på åtte skular. Studia omfattar både utskrive befalskurs på eitt år og lengre tekniske utdanningar og utdanningar på bachelornivå.
På landsbasis er 23 prosent av søkarane kvinner.
LES OGSÅ: Blant dei beste i landet