Satsar på helsa til borna

Regjeringa vil opprette eit nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil starte senter for unges helse

– Å ha gode matvanar og vere i rørsle er bra både for den fysiske og psykiske helsa. Det bidreg òg til at det er lettare å konsentrere seg for skoleelevane. Det blir rett og slett lettare å læra, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Tanken er at det tverrfaglege ressurssenteret for å fremma god helse hjå dei unge skal starta opp i 2014, ifølgje Kunnskapsdepartementet sine nettsider.

Mange tunge
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) vil at senteret skal synleggjere og formidla samanhengen mellom helse og barn og unges læring.  Då spesielt med vekt på sunne måltid, gode matopplevingar og fysisk aktivitet.

Helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre (Ap) meiner at det er viktig å heve kunnskapen om fysisk aktivitet og kosthold i skular og barnehagar.

– Ein av seks åtteåringar i Noreg er overvektige. Me ser at livsstilsjukdommar som følgje av overvekt og lite fysisk aktivitet auker, seier Støre, som meiner at senteret vil vere ei investering i bornas framtid.

Talet på overvektige ungar stig til 16-17 prosent når dei er 15 år, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet har invitert Høgskulen i Oslo og Akershus, Norges idrettshøgskule, Høgskulen i Bergen og Norges teknisk-naturvitskapelige universitet (NTNU) til å søkje om å huse det planlagde senteret.