– Mange parti meiner det same, men er likevel ulike

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange parti meiner det same

– Eg har tenkt å bruke stemmeretten, seier førstegongsveljaren Gudbrand Grytnes Jordet frå Hedalen i Valdres. Han føler det kan vera vanskeleg å finne eit parti å stemme på, men er klår på kva saker som er viktige.

Kvifor vil du stemme?

Fordi kvar einskild stemme har stor innverknad på samfunnet.

Er det vanskeleg å finne ut kva parti du vil stemme på?

Det kan vere litt vanskeleg – fordi mange parti meiner det same, men likevel er så forskjellige.

Kva saker er viktige for deg?

Arbeidsinnvandringa i Noreg er alt for høg i dag, norske firma klarar ikkje konkurrere med prisane frå Polen eller liknande land.

Vi må fokusere meir på landbruk.

Slutte å legge opp til at alt skal skje i byane, få meir folk til bygdene.

Betre vegar.

Betre tilhøve for dei gamle.

Kven påverkar deg i valet av parti?

Miljøet, familie og vener

Kjenner du deg igjen i språket til politikarane?

Både og. Det er nok litt avansert for dei yngre veljarane.

Føler du politikarane snakkar til deg eller med deg?

Nei, eigentleg ikkje

Er du oppteken av kven som kjem inn på Stortinget frå ditt fylke?

Har ikkje tenkt over det endå, men er vel litt ung kanskje.

Kven vil du skal vera statsminister etter valet?
Veit ikkje heilt…

Kva parti meiner du bør sitja i draumeregjeringa di?

SV, KrF, og kanskje Venstre eller Høgre

Dersom du fekk vera statsminister ei veke; kva ville du gjere då?

Eg ville take opp dette med mindre arbeidsinnvandring.

Faktaboks

Namn: Gudbrand Grytnes Jordet

Alder: 17 år

Kjem frå: Hedalen i Valdres

Skule: Tomb VGS, ferdig på snikkarlinja og klar for å få studiekompetanse til hausten. 

Hobbyar: Fotball, skyting og er ein ivrig jeger.