Over 45 millionar på flukt

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje på 18 år har det vore så mange flyktningar som no, ifølgje FN. Ved årsskiftet var 45,2 millionar menneske på flukt i verda. 28,8 millionar av desse var på flukt i eige land, medan 16,4 million hadde flykta frå heimlandet.

Flyktninghjelpen lanserer i dag «Flyktningregnskapet 2013», på Verdas dag for flyktningar, 20. juni.

Fleirtalet av flyktningane er sivile, og mange av desse flyktningane er barn og unge, fortel informasjonssjef i Flyktninghjelpen, Rolf Vestvik.

– Men vi veit det ikkje heilt sikkert nett kor mange barn og unge det er, fordi vi ikkje har nokre detaljerte tal på nett dette. Men vi veit likevel at svært mange av dei fordrivne er barn og unge, og mange av dei er på flukt åleine. I Noreg har vi til dømes merka dette gjennom dei mange einslege, mindreårige asylsøkjarar som kjem kvart år.

LES MEIR:– Verda blir stadig litt betre

30 millionar klimaflyktningar

Når tala i år er dei høgaste sidan tusenårsskiftet, er det fordi talet på dei internt fordrivne (flyktningar i eige land) har auka sterkt, mellom anna som følgje av krigen i Syria.

Men folk flyktar ikkje berre på grunn av krig eller forfølging – folk flyktar òg frå naturen og vêret. Så mange som 32 millionar menneske måtte i fjoråret forlate hus og heim på grunn av naturkatastrofar. Desse får ikkje formell status som flyktningar, men vert kalla fordrivne.

Vestvik forklarar at er to kategoriar for naturkatastrofane som fordriv folk, og forskjellen mellom dei er om dei er relatert til vêret, eller ikkje.

– Heile 98 prosent av dei som vert fordrivne av naturkatastrofar, vert fordrive av vêrrelaterte katastrofar, som stormar, flaumar eller syklonar, forklarar han.

– Medan berre 2 prosent vert fordrivne av katastrofar som ikkje har noko med vêret å gjere, som jordskjelv, skogbrann og vulkanutbrot.

LES MEIR:Klimautsleppa større enn nokon gong

Vår forureining – deira flukt?

Det er altså vêret som i stor grad får folk til å flykte. Kva har klimaendringane å seie for dette? Er det sånn at vår forureining førar til at folk må flykte frå vêret, i andre land?

Vestvik forklarar at vår forureining kan vere med å skape desse katastrofane:

– Om dei katastrofane som er vêrrelaterte, som flaum og stormar, skuldast klimaendringar, er vanskeleg å seie, men fleirtalet av forskarane meiner i alle høve at desse katastrofane blir verre av klimaendringane.

Dermed meiner Flyktninghjelpen at det kan bli fleire flyktningar som følgje av klimaendringane.

– Ja, vi trur at klimaendringane vil føre til at fleire blir fordrivne. Dette er alvorleg, fordi vi ikkje er budd på denne straumen av klimafordrivne.

LES MEIR: – Helvete sel ikkje

Utviklingslanda må bere byrda

For Vestvik er det viktig å understreke at klimaendringane vedkjem oss alle, anten vi bur i nord eller sør, i industri- eller utviklingsland.

– Klimaendringane og klimakatastrofar treffer industrilanda òg. I fjor vart 700 000 menneske i USA fordrivne på grunn av orkanen Sandy. Men ettersom USA er eit relativt rikt land, gjekk det fort å bygge opp igjen samfunna etter naturkatastrofen og folk kunne raskt vende attende til heimstaden og heimen sin, seier han.

Likevel er det i hovudsak utviklingslanda som vert råka, forklarar han.

– Vi veit at 90 prosent av dei som vert fordrivne av naturkatastrofar lever i utviklingsland. Der gjer gjerne fattigdom at det tek lengre tid å bygge opp igjen samfunna, enn det typisk tek i eit industrialiserte land. Dermed ser vi at mange av dei som blir råka av klimaendringar i utviklingsland vert tvungne til å forlate hus og heim for lang tid.

QUIZ:Kva veit du om klima og klimaendringar?

Like mange flyktningar – Færre søkjer asyl

Trass i auka i folk på flukt, har likevel tala på asylsøkjarar gått jamt ned sidan 2009. Til Noreg kom det i 2012 i underkant av 10 000 asylsøkjarar, til samanlikning med 17 500 i toppåret 2009. Det kjem altså færre flyktningar til Noreg, sjølv om det totalt blir fleire i verda. Men kvifor blir det slik?

– Noreg har ein streng asylpolitikk, og dette veit flyktningane. Dessutan vert det slik fordi dei i EU har felles grenseregime, og då vil dei fleste flyktningane til Europa kome til dei landa som er nære landa dei flyktar frå. Dermed får land som Spania, Italia og Hellas, som ligg nære Afrika og Asia, mange flyktningar, forklarar Vestvik.

Fleirtalet av flyktningane kjem altså ikkje til Noreg. I rekneskapen står det at 80 prosent av alle flyktningane oppheld seg i utviklingsland. Burde då eit land som Noreg ta ein større del av byrda?

Det meiner Vestvik, og fortel at Flyktninghjelpen meiner Noreg bør gjere tre ting:

– For det første bør Noreg auke bistanden til flyktningar. Når mange av dei landa som tradisjonelt har ytt mykje bistand vert tvungne til å redusere i sine bistandsbudsjett, grunna finanskrise, burde eit land som Noreg, som har god økonomi, auka sine tilskot.

– For det andre må Noreg halde fram fredsarbeidet. Nyleg kom det fram korleis Noreg og Espen Barth Eide har vore ein viktig part i fredssamtalane mellom Taliban og USA. At Noreg arbeider for konfliktløysing og fred er svært viktig for verdas flyktningar.

– For det tredje meiner vi at når talet på flyktningar i verda går opp, så må samstundes Noreg ta i mot fleire flyktningar. Vi har god plass her i landet, vi har ein god arbeidsmarknad, og vi har god kapasitet i byråkrati og mottak til å ta i mot fleire folk, avsluttar han.

Sjå bilde frå besøket til Angelina Jolie i Jordan:

Faktaboks

Flyktninghjelpen lanserer rekneskap over flyktningar på Verdas flyktningdag, torsdag 20. juni. Les meir om dette her!