Borch og Rotevatn i realityserie

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås (SV), Frp-politikar Per Sandberg, og leiar i Senterungdommen Sandra Borch er blant sju kjente politikarar som til hausten skal delta i ein ny realityserie.

Dei tre skal saman med Eirin Sund (Ap), Sveinung Rotevatn (V), Dagrun Eriksen (KrF) og Linda Hofstad Helleland (H) plasserast på ei hytte i Østfold, utan straum og innlagt vann. Der skal dei sju deltakarane diskutere ulike oppgåver knytt til politikk, og elles samlast til uformell prat, skriv Dagens Næringsliv.

Serien skal sendast på TV 2 i fleire episodar til hausten. Innspelinga skal gå føre seg neste veke, frå måndag til onsdag. Ut over det vil ikkje pressekontakt Kathrine Wergeland i TV 2 kommentere detaljane.

Til NRK Sogn og Fjordane seier Sveinung Rotevatn at han helst ikkje vil bli kalla reality-Sveinung etter dette.

– Ikkje kall meg det. Kall meg heller for stortingskandidat, og så skal eg heller vere med på det realityshowet og så får vi håpe det går fint, seier Rotevatn og innrømmer at han først var litt skeptisk, men at han vart forsikra om at det skulle vere mest snakk om politikk og at det skulle vere mest hyggeleg.

Gler du deg til å følgja med på serien?