Med nye nettsider vil Hanen vekkje appetitten på gardsmat og bygdeturisme både i inn- og utland.

NPK-Andrea Øien Sæverud
NPK-Andrea Øien Sæverud
Faktaboks

 

Fakta om Hanen:

* Landsdekkjande bransje- og marknadsorganisasjon for bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske.
* Forvaltar kvalitetsmerket Gardsmathanen som kan nyttast av godkjente medlemmer.
* 12 regionale underorganisasjonar.
* Ny nettside på www.hanen.no, finansiert av organisasjonen sjølv. (©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

 

Etter ei opprusting av dei gamle nettsidene, som etter eige utsegn såg ut som om dei var frå den teknologiske steinalderen, satsar Hanen no på å tiltrekkje seg fleire klikk, og dermed fleire kundar til medlemsbedriftene.

– Vi vil gjere folk svoltne og gi dei lyst til å reise på tur, fortel dagleg leiar i bransjeorganisasjonen Bernt Bucher Johannessen.

Han håpar dei nye brukarvenlege og biletrike nettsidene vil gjere det lettare å finne fram til dei gode opplevingane i Bygde-Noreg.

Onsdag blei sidene tilgjengelege for alle, etter eitt års utviklingsarbeid. Portalen er finansiert av Hanen åleine, med god dugnadshjelp frå medlemsbedriftene som har stilt opp med dei mange bileta som prydar sidene.

Planlegg ferien
På nye Hanen.no kan nyfikne potensielle kundar lett kunne navigere seg mellom tilboda om alt frå kvalsafari til bakekurs. Nettsidene rommar ei brei oversikt over både overnatting, lokalmat, aktivitetar og andre opplevingar. Store bilete og korte tekstar skal vere med på å vekkje appetitten for dei som kjem innom.

For å finne fram til det ein leitar etter, er det mogleg å filtrere tilboda etter fylke, type oppleving, eller reiserute. Skal du ut på køyretur kan du plotte inn reiseruta og få opp eit interaktivt kart som viser aktuelle tilbod langs vegen.

Enkelte populære ruter ligg allereie inne, som Bjørnsonvegen i Oppland, Fjordstreif i Møre og Romsdal, Fjordkultur i Rogaland og Den Gyldne Omvei i Nord-Trøndelag.

Samarbeid for å nå ut
– Sida blir eit marknadsføringsverktøy som bedriftene får tilgang til gjennom å vere medlem hjå oss, seier Bernt Bucher Johannesen.

Samtidig vedgår han at for at sidene skal fungere optimalt, er dei avhengige av at medlemsbedriftene sjølve legg inn og oppdaterer informasjon.

For å gjere nettsidene kjente, satsar Hanen på å få draghjelp frå andre mektige marknadsføringskrefter i reiselivs-Noreg.

– Vi har eit samarbeid med Visit Norway og Innovasjon Noreg om at dei skal bruke oss i sitt materiell. Samtidig er vi unike som den einaste reindyrka portalen for gardsmat og bygdeturisme, påpeikar marknadssjef Ole Jonny Trangsrud i Hanen.

Meir enn pølse i brød
Tidlegare i vår viste turistundersøkinga til Innovasjon Noreg at utanlandske turistar i Noreg ofte er misfornøgde med at prisnivået i den norske reiselivsnæringa ikkje alltid samsvarer med kvaliteten på produkta.

På Hanen.no finst all informasjon også på engelsk og tysk. Dagleg leiar Bernt Bucher Johannesen håpar at turistar som ikkje kjenner til norsk gardsmat frå før, òg vil bruke sidene.

– Turistar kjøper ofte mat på bensinstasjonar og vegkroer. Bedriftene våre må få hjelp til å utvikle tilbod om anna type mat som både mage og lommebok er fornøgd med. Det er ei utfordring i eit høgkostland som Noreg, vedgår han.

Les fleire saker om reise!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE