Lokal Hedmarksfestival

I år feirar Volumfestivalen i Elverum ti-årsjubileum. Dei har ikkje planar om å verte kjempestore over natta.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tiårsmarkering for Volumfestivalen

 – Me har ikkje ambisjonar om å plutseleg verte kjempestore, men om me får fleire besøkande enn førre året er me nøgd, seier festivalsjef Sven Arild Storberget.

I år er det ti år sidan Volumfestivalen i Elverum vart arrangert for fyrste gong. Startskotet for årets festival går i dag 19. juni, og varar ut veka.

LES OGSÅ: 10 råd for å overleve på festival

Eige initiativ
Det starta med at unge hedmarkingar sakna ein arena der dei kunne syne fram kva dei dreiv med. Festivalen har som mål å syne fram unge kreative hedmarkingar og deira talent. Her starta mellom anna The Wombats, Team Me og Frida Ånnevik. To av desse entrar scena igjen i år.

200 personar hadde sikra seg festivalband på førehand til årets festival, men ifølgje festivalsjefen har dei aldri hatt noko stort førehandssal. Han vonar dei vil klare å slå publikumsrekorden frå i fjor, som var på over 2000 besøkjande.

– Eg trur folk tykkjer det er ein bra ting med mange ukjente på programmet, og tenkjer at dei går på festivalen for å oppdaga noko nytt, meiner Storberget.

LES OGSÅ: Hekta på festival

Hedmarksdiktet
I år har film fått ein utvida plass på programmet. Sjølv gler Storberget seg han seg særleg til å få synt fram talentfulle filmskaparar frå Hedmark. Festivalleiaren har sjølv regissert for dokumentarfilmen Sayonara, Elverum, som står på programmet. Filmen handlar om ein japansk fan av Elverums-bandet Team me.

Forsking har synt at små bygdefestivalar har mykje å seie for den lokale identiteten. Under årets festival skal mellom anna Hedmarksdiktet 2013 veljast ut. Her har folk vorte oppmoda til å skrive dikt om nettopp Hedmark.  

LES OGSÅ: Kva treng du for å lage festival?

Kan lokka attende
Ordførar i Elverum Erik Hanstad fortel at Volumfestivalen, som etter kvart har slått skikkeleg rot i Elverum, skapar mykje positivt liv i byen.

– Ungdom som har flytta ut kjem tilbake på festivalen, og kanskje tenkjer dei at her vil eg slå meg ned ein gong, seier Hanstad, som skryt av den frivillige innsatsen.

Han meiner at festivalen evnar å engasjere fleire enn berre ungdommen. Sjølv skal han på konsert med The Wombats.