22.000 fleire tilsette i staten på seks år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

22.000 fleire tilsette i staten

Frå 2006 til i fjor auka talet på statstilsette i Noreg med 16,5 prosent, eller 22.000 personar, viser tal frå Statens sentrale tenestemannsregister (SST).

Tala er samanstilte for Dagens Næringsliv av Norsk samfunnsvitskapeleg datateneste (NSD) og viser at det i fjor var 154.821 statstilsette i Noreg. I 2006 var 133.000 personar tilsett i staten.

Veksten er på 16,5 prosent, medan det i same periode var ein total sysselsetjingsvekst i Noreg på 8,8 prosent, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

– Det er sjølvsagt ikkje berekraftig på sikt når veksten i statstilsette er dobbelt så stor som sysselsetjingsveksten generelt. Held det fram, vil til slutt alle som finn det bryet verdt å jobbe, vere i offentleg sektor, seier Høgre-politikar Michael Tetzschner.

Frp-politikar Gjermund Hagesæter meiner også utviklinga går feil veg.

– Eg trur grunnen til utviklinga her er at regjeringa ønskjer å løyse dei fleste utfordringar med nye påbod, forbod og reglar. Det gir kontrollbehov og byråkrati. Vi må reservere, avbyråkratisere og produsere verdiar i staden for å bruke pengane på administrasjon, seier han.

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud (Ap) forsvarer auken. Ho meiner det er heilt rimeleg med fleire statstilsette.

– Eg har ikkje høyrt eit einaste protestord frå desse politikarane når det har vore saker om fleire politifolk, fleire i helse eller større satsing på veg og bane. Snarare tvert imot, seier ho. (©NPK)