– Nokre gonger køyrer politikarane ein retorikk det ikkje er lett å forstå

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Solveig Wang frå Søndre Land har tenkt å bruke stemmeretten sin ved haustens stortingsval, fordi det kan gjere ein forskjell.  

Kvifor vil du stemme?  
Eg vil gjerne stemme, fordi eg veit meininga mi kan gjere ein forskjell. I eit demokratisk samfunn har alle mogelegheit til å seie si meining, derfor tykkjer eg det er viktig at alle med stemmerett bruker den. Slik kan Noreg styrast slik fleirtalet vil!  

Er det vanskeleg å finne ut kva parti du vil stemme på?
Ja! Ein må liksom setje seg inn i politikken til alle partia før ein kan bestemme seg. Eg trur ikkje det er eitt parti eg er 100 prosent einig med, men eg må fyrst finne ut kva som er viktigast for meg, og deretter stemme på det partiet som har dei hjartesakane eg verdset.  

Har du lyst til å røpe kva parti du vil stemme på?

Nei, delvis fordi eg ikkje heilt veit sjølv enno. Eg veit at eg ikkje stemmer på nokre av dei radikale partia, men heller noko meir sentrumsnært.  Kva saker er viktige for deg?
 Skule og utdanning, kultur og eit bærekraftig miljø.  

Kven påverkar deg i valet av parti?
Eg har ei politikarmor, og partiet ho representerer står for mange av dei verdiane eg sjølv har vakse opp med. Dermed påverkar familien meg i stor grad, i tillegg til at eg har ein god venegjeng som elskar å diskutere!  

Kjenner du deg igjen i språket til politikarane?
Både ja og nei. Nokre gonger køyrer politikarane ein retorikk som det ikkje er lett å forstå seg på.  

Føler du politikarane snakkar til deg eller med deg?
Mor mi jobbar som politikar, og ho snakkar(heldigvis) både til og med meg. Men på generell basis føler eg ikkje akkurat at eg er i dialog med politikarane, altså føler eg politikarane snakkar til meg.  

Er du oppteken av kven som kjem inn på Stortinget frå ditt fylke?

Ikkje så veldig.  

Kven vil du skal vera statsminister etter valet?

Der er eg litt usikker. Jens Stoltenberg har jo vore statsminister omtrent så lenge eg kan hugse, og eg ser på han som ein god statsminister, noko vi såg spesielt etter 22. juli. På ei anna side kunne det vore spennande å sjå korleis ein anna partileiar hadde leda regjeringa.    

Kva parti meiner du bør sitja i draumeregjeringa di?
Det partiet eg finn ut at eg vil stemme på må sjølvsagt vere med i draumeregjeringa. Og dei andre regjeringspartia som kanskje sit i regjeringa må kunne samarbeide godt, inngå kompromiss, og kome fram til gode og gjennomførbare avgjerde.  

Dersom du fekk vera statsminister ei veke; kva ville du gjere då?
Eg ville satsa ein større del av pengane vi har fått frå olja på fornybare energiressursar. Eg ville òg gjort noko med innvandringspolitikken – avgrense behandlingstida på innvandringssakar, og sikre humane avgjerde så fleire slepp å vende tilbake til eit land der dei risikerer å bli drepne. Dessutan ville eg sett i gang tiltak for å integrere innvandrarar betre; eg trur vi har mykje å lære av kvarandre! 

Les meir om stortingsvalet her!

Faktaboks

 Namn: Solveig Wang


Alder: 19


Kjem frå: Søndre Land, Oppland


Skule: Gjøvik videregående skole, musikklinja


Hobbyar: Musikk, dans, foto, vener og Candy Crush