Endelig fri

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Endelig fri

 

Men denne gongen er det alvor, altså. Det er lenge sidan politikarar forstod at dei bør vere på Facebook og Twitter. Det er ikkje fullt så lenge sidan dei forstod kva dei skulle der. Men no har dei begynt å forstå det. Nylig kuppa Siv Jensen og Jens Stoltenberg heile den politiske debatten og diskuterte den norske modellen med kvarandre på Twitter, og arrangerte sin eigen live-debatt om det same etterpå. Medan dei andre partia følgde med og tenkte: «Hei! Skal ikkje vi få vere med?!?»

Denne dagen måtte komme. Dagen då politikarar forstod at på sosiale medium kan dei diskutere akkurat dei sakene dei har lyst til å diskutere med akkurat den dei har lyst til å diskutere med, utan å måtte spørje om lov, utan at nokon avbryt, og utan å måtte spørje om alle andre også vil vere med.

Dette har trulig gjort at dei fleste partia no har sett sine beste folk i gang med å oppsummere partiets politikk på 140 teikn (Til informasjon for dei som les dette på papir: 140 teikn er så mange teikn du kan bruke på Twitter). Venstres beste folk, for eksempel, sitt kanskje akkurat no og skriv:

«Venstre er Norges sosialliberale parti. For oss er menneske viktigare enn system. Samfunnet utviklar seg gjennom å satse på menneska. Derfo»

Og det blei jo for langt. Så då gjer dei nok eit forsøk til, der dei prøver å vere litt meir kjappe og kontante. For eksempel:

«Folk skule miljø småbedriftar velferd Trine. Det var eigentlig det vi hadde, men det blei jo altfor kort, så då kan vi jo også nemne at Venst»

Partias beste folk driv på. Og dei politikarane som stadig les papiraviser lengtar nok tilbake til den tida då politiske diskusjonar gjekk føre seg på NRK med skalla programleiarar og damer med stoppeklokke.

Men det er nokon heilt andre enn politikarane som verkelige bør vere engstelige. Og det er dei som akkurat no driv og planlegg haustens valsendingar på tv. Der sitt dei no, i møteromma sine som er oppkalla etter betre folk enn dei. Der sitt dei, med pappkrus i hendene og veggane fulle av gule lappar, og prøver seg fram. Skal vi ha komikarar? spør dei. Skal vi ha duellar? Skal vi ha dans? Skal vi gå hardcore? Ikkje noko fiksfakseri og tøys, berre saker og debatt? Kor mange politiske kommentatorar bør vere med i kvar sending? Fire? Åtte? Tusen?

Og medan dei sitt der, så kjem kanskje ein av sommarvikarane inn, ei av dei som håper å bli politisk kommentator ein dag, men som inntil vidare jobbar med å hente pappkrus og flytte gule lappar. La oss seie at ho heiter Linn. Dei heiter ofte det. Linn kjem springande inn. Det er noko ho vil seie.

«Ikkje no, Linn,» seier ein av veteranane i redaksjonen, ein av dei som alltid avviser nye forslag med at det har vore gjort før, før han foreslår å gjere alt slik det alltid har blitt gjort, fordi det alltid fungerer. «Ikkje no,» seier han.

Ein av dei andre, ein av dei som ikkje har vore der så lenge og som derfor framleis foreslår ting som veteranen har prøvd før, seier det same: «Vent litt, Linn. Vi diskuterer ein kjempeidé til debatten om helse no.»

«Det er akkurat det,» seier Linn. Alle stønnar og snur seg mot Linn. Så seier Linn: «Det er ingen som vil vere med.»

«Kva meiner du, ingen vil vere med?» spør veteraner irritert.

«Ingen av politikarane har lyst til å vere med i sendingane våre.»

«Kva meiner du?» seier han som ikkje har vore der så lenge. «Korleis kan dei ikkje ha lyst til å vere med? Vi har eit kjempeopplegg. Dei skal svare på spørsmål veljarane stiller på nettet, og så skal sju-åtte politiske kommentatorar vurdere svaret, og så skal ein komikar oppsummere sendinga med vitsar skrivne der og då. Det er eit kanonopplegg!»

«Det er akkurat det,» seier Linn. «Dei har funne ut at alt dette kan dei gjere på for eksempel Twitter. Dei treng ikkje oss.»

«Treng ikkje oss!?!?!»

«Nei. På sosiale medier kan dei svare på spørsmål frå veljarar og få kommentarar frå sju-åtte kommentatorar etterpå. Skilnaden er berre at desse kommentatorane ikkje alltid er enige med kvarandre. Og viss dei er på Twitter, så kan du vere heilt sikker på at minst ein komikar lagar ein vits om det med ein gong.»

«Så dei treng ikkje oss?»

«Nei.»

Det blir stille ei stund. Så seier veteranen:

«Endelig. La oss gå ut og hygge oss.»

Og så gjer dei det. 


Først publisert i Aftenposten 15. juni.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!