mm

I samband med stemmerettsjubileumet har Rapvalg 2013 spesielt oppmoda jenter til å sende inn musikalske bidrag om politiske eller samfunnsrelaterte tema. Ved dei førre konkurransane, i 2009 og 2011, har gutane nesten stått på scena åleine. I år det 19 jenter blant dei i alt 113 bidraga. Det er initiativtakar Aki de Leon godt nøgd med. I tillegg er 15 av landets 19 fylke representert.

– Det nordlegaste bidraget er frå Andøya og me har artistar frå alle dei store byane, fortel de Leon.

Rapvalg er ein musikkkonkurranse retta mot ungdom over heile landet, her er det om å gjere å få fram ein bodskap. Arrangørane sitt mål er å bevisstgjere ungdom og få dei til å nytte stemmeretten sin.

LES OGSÅ: Bonde-rap med eigen video

Likestilling og ekstremisme
No har ein jury vald ut dei 30 beste låtane, som ligg ute på Rapvalg.no. Her kan publikum stemme fram sin favoritt. Dei ti låtane som får mest stemmer kjem til finalekonserten, som spelast 29. august. I tillegg til å verte høyrt, har artistane mogelegheita til å vinne heile 100 000 kroner.

«Det er ordets makt kledd i musikk, som teller i Rapvalg,»står det på nettsidene. Ungdommane har brukt makta si til å syngje om oppvekstskår, krig, makt og pengar, likestilling, solidaritet, innvandring, mobbing og ekstremisme. Nokre tek opp tunge tema, som vald og misbruk av barn, medan andre vil setje fokus på det å ha positive haldningar.

– Eit bidrag handlar om å engasjere seg, dei seier «de er framtida», fortel de Leon, som meiner at dette er ein viktig bodskap.

– Me har bidrag som spenner heilt frå Frp til Raud valallianse, seier de Leon.

Han er godt nøgd med spennet i bidraga, men er skuffa over responsen frå ungdomspartia.

– Me har fått ein usedvanleg kjølig respons frå ungdomspartia i Oslo, seier de Leon, og stiller samstundes spørsmål ved om ungdomspartia klarar å fange opp dei sakene, som er viktige for ungdommane.

LES OGSÅ: – Såklart eg vil bruke stemmeretten min

Kan finne song
Leiar i Oslo AUF Munir Jaber fortel at deira parti har mykje kontakt med ungdommen gjennom sine unge medlemmer, og meiner difor at dei har god oversikt over kva som opptek den yngre generasjonen.

– Arbeiderpartiet har hatt valkampsongar i alle fall dei to siste vala, ungdomspartia har kanskje ikkje vore flinke nok til å sjå denne moglegheita, medgjev Jaber.

Han fortel at dei har oppmoda medlemmer til å bidra i Rapvalg 2013, men at dei ikkje fann nokon interesserte. 

– Om det kjem kule låter, som speglar det me meiner, ser eg ikkje bort ifrå at me kan nytte dei, seier fylkesleiaren i Oslo AUF.

Sjå og høyr vinnarane av Rapvalg 2011 i vindauga under.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44
ANNONSE