Nicki Minaj er månadens artist.

Anna Kleiva, Norsk Barneblad
Anna Kleiva, Norsk Barneblad

Det eigentlege namnet til superstjerna Nicki Minaj er Onika Tanya Maraj. Ho vart fødd 8. desember 1982 i ein forstad til Port of Spain, hovudstaden i Trinidad og Tobago. Her budde ho saman med bestemora fram til ho var fem år. Mor til Nicki var innom av og til, og i 1988 tok ho med seg dottera og flytta til bydelen Queens i New York, USA. På barneskulen spelte Nicki klarinett, og på vidaregåande gjekk ho på musikk- og dramaskulen LaGuardia. Helst ville ho bli skodespelar.

I 2001, like etter ho hadde gått ut av vidaregåande, fekk ho ei rolle i teaterstykket In Case You Forget på ei av dei mindre teaterscenene i New York. Men det vart ikkje så mange fleire roller etter dette. Nicki tok kontor- og servitørjobbar, men fekk stadig sparken fordi ho var frekk mot kundane.  

Undergrunnsrappar
Hoodstars var namnet på Nicki si første gruppe. Dei gav ut singelen Don't Mess With It i 2004, men Nicki slutta kort tid etter. I staden begynte ho å lage sine eigne miksteipar, som etter kvart fekk ein god del omtale i undergrunnsmiljøet for hiphop. Ho tok namnet Nicki Minaj; Playtime Is Over kom i 2007. Same år rappa ho også på gate-DVD-serien The Come Up (vol. 11). Sucka Free (2008) skaffa henne prisen som årets artist på Underground Music Awards same år, Beam Me Up Scotty (2009) fekk omtale på MTV.

I august same år skreiv Nicki platekontrakt. Ho dukka snart opp som gjesteartist på låtane til blant andre Rihanna og Kanye West. Massive Attack var den første eigne singelen hennar, som kom i april 2010. I oktober same år, éin månad før debutalbumet kom ut, vart ho den første artisten nokosinne som hadde sju singlar inne på Billboard-lista samtidig. Albumet Pink Friday vart med andre ord ein stor suksess – det selde éin million eksemplar på éin månad, berre i USA.   

Tyggegummi-hiphop
Dei rosa parykkane og dei fantasirike antrekka skaffa Nicki Minaj merksemd. Men ho vart også lagd merke til for å ha særleg mange alter ego når ho rappar. Dette har ho med seg frå barndommen, då Nicki ofte rømte inn i fantasti-karakterar medan foreldra krangla. Dei forskjellige karakterane Nicki rappar som, har gjerne ulike stemmer og heiter mellom anna Harajuku Barbie og Roman Zolanski (ein tvillingbror ho seier bur inni henne, og som er å finne att i både song- og albumtitlar).

Nicki sitt andre album, Pink Friday: Roman Reloaded, kom i april 2012. Musikalsk heldt ho seg framleis innanfor elektropop og hiphop – på eit høgt gir – og skapte kjempehits som Beez In The Trap. I november vart albumet gjeve ut på nytt under namnet Pink Friday: Roman Reloaded – The Re-Up, med åtte nye songar og ein bak-scena-DVD.

I 2013 gjekk Nicki Minaj til tv-skjermen. Ho var dommar i den 12. sesongen av American Idol, noko ho meinte var ein stor sjanse for henne til å vise amerikanarane kven ho eigentleg er. Nicki lanserte også sitt eige klesmerke, og begynte arbeidet med neste album, Pink Friday: The Pinkprint.

Fyrst publisert i Norsk Barneblad

Få fleire musikktips!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE