Vil bli verdas beste dansar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

  – Eg vil bli best innan dei dansane eg konkurrerar i. Og så håpar at eg kan ha dansen som levebrød ved å reise rundt med kurs og slikt, seier den framtidsretta ungguten. Han er straks ferdig med førsteåret på studie på Hjerleid der han tek realfaglina. Etter skulen håpar han å kunne reise rundt med dansen eit par år, og leva av det.  

Allsidig dansar
Han trener Boogie Woogie med dansepartaren sin, Hanne Liven Slette, eit par-tre dagar i veka på Dovre. Dei tok nyleg tredjeplass i Nordisk og sjetteplass i verdenscupen på Lillehammer. I tillegg dansar han Lindy-hop med Ida Hanson frå Sverige. Det er dans til såkalla jazz og rockabilly-musikk.

Frå før har Sondre både gull i VM, EM og NM, i Boogie-Woogie, men da med ein annan dansepartnar.  

LES OGSÅ: Dansesteg

Brenn for dansen
– Å danse Lindy-hop er så artig, det er verkeleg noko eg brenn for. Det gjeld både musikken og klesstilen, der eg har på meg dobbeltspent jakke, noko som kan bli varmt innimellom, smiler han. Dansesjangeren oppstod i Harlem i 1920-30-åra, og er ein slags swingstil, med brylkrem i håret.

– Ein blir veldig teke inn i denne dansen, det er som i ei eiga verd, liksom, forklarar Sondre.  

Fann si grein
Sondre fortel at det ikkje var så mykje å drive med på Dombås då han var liten. Han var innom både snowboard og fotball før han starta på Toftemo med swing. Og det vart dansen som vann og vart hovedgreina etter kvart.

– Ein kan sjå likskap i bevegelseskvaliteten i alle dei tre idrettane, sjølv om dei sjølvsagt er veldig forskjellige, meiner Sondre. Han fortel at han som åtteåring følte det var litt tungt, og tok seg eit halvår fri frå dansen. Men dansen hadde kome i blodet på han, og det var det han hadde lyst til å drive med.  

LES OGSÅ: Dansa vekk bekymringane

Tøff gut
Dansane Sondre deltek i krev at ein gjev mykje av seg sjølv, både av mimikk og faktar.

Er du litt tøff av deg, Sondre?
– Eg har aldri vore redd for å skille meg ut, og å stå for den ein er og vera seg sjølv, tykkjer eg er viktig, seier han. Han fortel at å halde seg i god form og ha kondis, er like viktig for ein dansar som for ein annan toppidrettsutøvar. Og når han og dansepartnaren dansar, er det viktig at dei har eit godt samspel og ei god føring. Dei har ikkje koreografi, men må stole på kvarandre som partnerar. Sondre fortel at det dei gjer er heilt ulikt selskapsdans, der ein har ein koreografi med fast musikk.

– For min del er det meir spennande med pardans enn med solo. Men eg er positiv til all type dans. Så lenge det er artig, bør ein gje alt ein sjanse. Ein må jo trene på å spele fotball for å få det artig og, seier han.  

Improvisasjon
Lindy-hop består av improvisasjon rundt ulike element, visse turar og variasjonar skal vera med. Dette er ei dansegrein der det er mykje rundt, sosial dans og miljøet er viktig. Boogie Woogie er rein konkurransedans, men også utan koreografi.

– Vi veit ikkje kva musikk vi får, av rundt 6-800 songar. Det gjer det heile mykje større enn å berre følge ein fast koreografi, seier han. Sondre trener opptil 20 timar i veka og passar på at det blir god variasjon i det han gjer.

– Når eg trener for meg sjølv, terpar eg på moment og steg. Og eg høyrer mykje på musikk. I tillegg trener eg med partnaren min. Det blir mykje trening, men det må til på dette nivået, seier Sondre I tillegg til dansetreninga kjem vanleg grunntrening. Til saman blir det rundt 20 timar i veka.  

LES OGSÅ: Konstant komposisjon

Ei ære
– Det var ei ære å bli nominert til Drømmestipendet i seg sjølv. Det er veldig artig å bli sett pris på, og eg er kjempetakknemleg og glad for å vinne. Eg driv med ein sport som både kostar og tek tid, så stipendet på 10 000 kroner kjem godt med, seier han til slutt.

Les saka i Vigga!