50-åring på noregstur

NRK-programmet Reiseradioen fyller 50 år og skal markere dette med å ha radiosendingar frå heile landet i sommar. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Reiseradioen gjekk på lufta for første gong 24. juni 1963, skriv NRK.no. Sjølv om programmet har gjennomgått store endringar, er det mange viktige element som er faste i programmet no som då.

– Den beste måten å markere femtiårsjubileet på er å kome oss ut til lyttarane våre. Reiseradioen dreg på campingtur saman med alle andre ferierande nordmenn, seier prosjektleiar Stig Holmer.

To av programleiarteama skal reise frå kvar sin ende av landet, for så å møtast i Mosjøen, midt i Noreg. Nina Stensrud Martin og Olav Viksmo Slettan startar turen frå Nordkapp, medan Kari Slaatsveen og Bjørnar Pedersen legg ut frå Lindesnes. Reisa varar frå 24. juni til 5. juli, men dei første radiosendingane denne sesongen startar 8. juni.

LES OGSÅ: Spelar norsk musikk på nattestid