Balestrand KrF vil fingerstrikke ei ny gul midtstripe, og setje ny verdsrekord i fingerstrikking for lag.

– Dagens verdsrekord er på rett over 9 kilometer, og er halde av eit lag i USA. Vi må fingerstrikke minst ein cm lenger enn dette for å hamne i Guiness rekordbok, seier Frode Kleppe Holgersen, leiar i Balestrand KrF.

I rekordforsøket vil lokallaget fingerstrikke samtidig, før dei ferdigstrikka trådane vert sydd eller strikka saman, og så nøsta opp i eit stort nøste. Til hausten vert dette nøstet rulla ut over Fylkesveg 55, som ei gul midtstripe, melder Firda.

– Vi ynskjer betre standard på vegane i Sogn og Fjordane. For å få ei gul midtstripe er det krav om ei viss breidde, slik vil vi markere at fylket treng breiare vegar, forklarar Kleppe Holgersen til Framtida.no.

Ikkje fingerhekling
Fingerstrikking er ikkje det same som fingerhekling, som mange kjenner frå før. I fingerstrikking tråklar ein tråden mellom fingrane, medan ein brukar to fingrar ved fingerhekling.

– Vi valde fingerstrikking sidan det allereie finst ein verdsrekord vi kan slå, forklarar lokallagsleiaren, som lærar teknikken av kona.

Sosial aktivitet
Lokallaget har skaffa mykje gul tråd, og ynskjer å få med så mange som mogeleg på rekordforsøket. På spørsmålet om det vert moro, er svaret delt.

– Det vert i alle fall moro dei 10-15 fyrste metrane, men vi må nok ha ein del tålmod. Det fine med fingerstrikking er at det kan kombinerast med å vera sosial. Eg satsar til dømes på å fingerstrikke på biltur i sumar, når eg ikkje køyrer sjølv, avsluttar Frode Kleppe Holgersen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

ANNONSE