Færre fryktar klimaendringar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse uroar seg mest for klimaet

Nordmenn flest trur heller ikkje at havnivået vil stiga som følgje av at polane smeltar – stikk i strid med konklusjonane til eit nesten samla forskingsmiljø, skriv Aftenposten. Det viser klimabarometeret til TNS Gallup for 2013.

Kvinner, personar med høgare utdanning, i tillegg til SV- og Venstre-veljarane uroar seg mest for klimaendringane.

Trur klimaendringane er menneskeskapte
Berre 17 prosent er ueinige i at klimaendringar er menneskeskapte. Denne gruppa har vore temmeleg stabil sidan 2009. Ni av ti Venstre- og SV-veljarar sluttar opp om at klimaendringane er menneskeskapte, men berre 41 prosent av veljarane til Frp er einige i dette. 60 prosent av Høgre-veljarane meiner at klimaendringane er menneskeskapte.

QUIZ: Den store klimaquizen

På spørsmål om korleis konsekvensane av klimaendringar vil bli for Noreg, meiner flest, 46 prosent, at dei vil vera både positive og negative. Éin av fem meiner dei stort sett blir negative. Klimabarometeret er teke opp før flaumen på Austlandet i mai.

– Om undersøkinga hadde blitt gjennomført etter flaumen, kan det godt vera at ein hadde sett eit anna resultat, seier NTNU-professor Haakon Lein, som har leidd eit prosjekt som har kartlagt kor sårbare norske kommunar er for klimaendringar. Han trur nordmenn oppfattar klimatrusselen som diffus, og noko som ikkje vedgår den enkelte direkte.

– Nordmenn er nok urolege for klimaendringar, men det er ikkje det dei uroar seg mest for. For mange er dette ein trussel som er litt diffus, noko som ligg langt fram i tid, seier Lein.

LES MEIR OM KLIMA HER!