Vil lage mobilt vitensenter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Møre og Romsdal fylkeskommune har gjort eit forprosjekt om mobilt vitensenter. Det har vekt interessa til Kunnskapsdepartementet.

Eit forprosjekt om mobile vitensenter skulle kvalitetssikre og konkretisere moglege løysingar for å etablere eit vitensentertilbod for ungdomsskular og vidaregåande skular i Møre og Romsdal.

Rapporten frå forprosjektet tilrår eit lett mobilt konsept med varebil for transport til skulane, og bruk av skulane sin eigen infrastruktur for show, undervising, eksperimentutstilling og inspirasjon for elevar og lærarar, skriv fylkeskommunen på nettsida si.

– Vi er veldig nøgde med det gjennomførte forprosjektet, og vi arbeider no med å følgje opp satsinga og førebu saksunderlaget for vidare behandling. Initiativet har allereie fått ei brei og solid forankring, og det er stadig fleire aktørar som uttrykkjer vilje til samarbeid og støttar opp om satsinga, seier Thorbjørn Myhre. Han er ansvarleg for satsinga ved Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Førre månad var fylkeskommunen på møte med Kunnskapsdepartementet for å fortelje om satsinga på eit mobilt vitensenter i Møre og Romsdal.

– Vi ser dette som eit pilotprosjekt, som også vil kunne danne mal for korleis ein kan tilretteleggje vitensentertilbod også andre stader i landet der ein ikkje enno har eit slikt tilbod, seier Myhre.

Om prosjektet blir godkjent i Fylkestinget i desember, vil oppstart av eit vitensentertilbod til skulane kunne skje frå sommaren eller hausten 2014. (©NPK)