Norsk sjømatnæring har hittil handla mest om råvareeksport. No er det på tide å få meir pengar ut av fisken gjennom vidareforedling og merkevarebygging.

NPK-Kirsten Offerdal
NPK-Kirsten Offerdal

Dette var det brei semje om på eit temaseminar om innovasjon og design i sjømatindustrien i Oslo fredag. Seminaret var arrangert av Norsk Designråd og Abelia, NHOs foreining for kunnskaps- og teknologibedrifter. Det vart drøfta idear om korleis ein kan vidareutvikle sjømatnæringa gjennom eit samarbeid med kreative næringar. Vegen går frå råvareeksport via kvalitet til merkevarebygging.

Design og fisk

– Noreg har lang tradisjon for å sende pengar ut av landet, sa Bjørn Viggo Ottem, grafisk designar og partnar i Tank Design i Tromsø. Dei har jobba saman med Halvors tradisjonsfisk for å lage ein designprofil som kan selje kvalitetsprodukt av tørrfisk og klippfisk. Dette er eitt av dei eldste omsetningsprodukta frå Noreg, og tradisjonelt har foredlinga og dermed mykje av verdiskapinga skjedd i utlandet. Designprosjektet har hausta mange prisar, men viktigare er det at Halvors tradisjonsfisk hadde ein salsauke i butikk på 80 prosent frå 2011 til 2012.

LES OGSÅ: Ein sjønasjon med skrekk for fisk

Nasjonal dugnad

Målet til Innovasjon Noreg for sjømatnæringa er å auke verdiskapinga og lønsemda i Noreg. Og då må noko gjerast.

– Det er ein nasjonal dugnad på gang, sa Petter Ustad, sektoransvarleg for sjømatindustri i Innovasjon Noreg. Han viste til konkurransen frå Kina og at Noreg ikkje kan konkurrere med dei på pris. Då må vi konkurrere på merkevare og kvalitet. Kvaliteten har vi, men førebels har vi likevel berre konkurrert på pris.

Christin Flinstad og Linda Rostad i Hildring Norway jobbar med å utvikle eit konsept for innovasjonsprosessar i sjømatnæringa. Dei utfordra forsamlinga med å påstå at norsk laks ikkje er ei merkevare, men meiner posisjonen som internasjonal kvalitetsmerkevare innanfor sjømat er ledig. Og den posisjonen bør ei norsk merkevare ta.

LES OGSÅ: Vil lage fiskefôr av Mongstad-eksos

Blå revolusjon

Oppdrettsgiganten Marine Harvest har også som mål å gå frå råvareeksport til vidareforedling og merkevarebygging. Strategien er «å leie den blå revolusjonen», sa Arild Aakre som viste til behovet for auka matproduksjon i verda.

Sjømat står i dag for to prosent av matkonsumet i verda. På sikt må dette endrast, og fleire peika på rapportar som peikar mot at sjømat i framtida bør utgjere halvparten av matkonsumet i verda for å møte folketalsauken. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE