Det nest største feilgrepet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eit historisk mistak

Robert Cooper var ein av Tony Blairs næraste rådgjevarar. Tysdag denne veka var han i Oslo.

– Tony Blair var ein stor politikar og ein svært populær statsminister. Men kva kjem han til å verta hugsa for? Fiaskoen i Irak, seier Robert Cooper.

– Så kva gjorde Tony Blair til ein dyktig politikar?

– At han tok seg tid til å tenkja. Fyrste fredagen etter at han hadde vorte statsminister, møtte eg han i Downing Street 10. Det var føremiddag, og han hadde på seg jeans og t-skjorte. Han var på veg til Chequers (feriehuset til statsministeren, red.merk.). «Eg har fem tusen menneske her som berre arbeider for at eg skal gjera bra arbeid. Då skuldar eg dei å tenkja ut kva eg vil dei skal gjera», sa Blair. Diverre slutta han etter kvart med dette, det vart for mykje arbeid og for lite tenkjing.

Tett på makta

Robert Cooper ser ut som den klassiske britiske diplomaten, til og med dei hårete augnebryna er på plass Han er svært høvisk, men kvar gong eg spør han om noko kontroversielt, svarar han:

– Interessant spørsmål, kva ville du ha gjort?

Når eg så seier det, seier han: – Verkeleg?

Det er slike folk den britiske regjeringa har dyrka fram i hundrevis av år, men få har vore mektigare enn Cooper. CV-en er imponerande.

I dag er han rådgjevar for EU-utanriksministeren Catherine Asthon. Den same rolla hadde han for Javier Solana, og fram til 2002 var han Tony Blairs utanrikspolitiske rådgjevar. På tysdag var diplomaten, forfattaren og mannen som har fått æra eller skulda for Blairs devise om «humanitær intervensjon» og «den postmoderne staten», i Oslo.

Samtalen startar ikkje heilt bra. Eg spør han om EU eigenleg har ein utanrikspolitikk, noko han meiner er eit underleg spørsmål og listar opp ei mengd handelsavtalar. Slik held det fram ei tid, men til slutt finn vi felles grunn i spørsmålet om Kina – som har tvinga både Tyskland og Frankrike til å kutta ut kontakten med Dalai Lama og no prøver å gjera det same med Storbritannia.

– Vel, nett der er det noko underleg, ja. Fyrst var det Merkel som vart hengd ut til turk, ikkje eit pip frå andre land, så var det Sarkozys tur til å oppleva det same, og no er det altså Cameron. For meg er det innlysande at EU burde ha ein konsekvent, rigid og felles politikk på dette området. «Vi gjer som vi vil med Dalai Lama, og det lyt de berre akseptera.» Kvifor har det ikkje skjedd? Vel, det burde ha skjedd og er eit godt døme på kva EU kan få til med ein felles politikk. Men politikk er ikkje alltid logisk. Det er mitt svar.

LES OGSÅ: – Unge betaler den høgaste prisen

Finanskrisa

Så finanskrisa. EU var skapt for å skapa økonomisk vekst og integrering gjennom ein felles marknad, men som vi no veit: Etter innføringa av euroen er det ikkje nett vekst som har prega EU. I fjor på desse tider såg det ut som EU likevel skulle få orden på eurokrisa, dei var på veg mot bank-union, Hellas hadde fått gjeldsavskriving, og dei sørlege landa gjekk gjennom reformer fordi rentene var så høge. Så greip Mario Draghi, direktøren for Den europeiske sentralbanken, ESB, inn og sa at «ESB vil gjera alt for å berga euroen». Rentene for dei søreuropeiske landa gjekk ned, reformviljen avtok, og i ettertid har så godt som ingenting skjedd nokon stad i EU. Krisa veks sakte, men sikkert. Cooper er ikkje nett nøgd med stoda.

– Paradokset er at det i dag er frykta for meir føderalisme, sjølve grunnideen bak EU, som held på å taka knekken på oss. Angsten for å gjera for mykje, fører til at EU gjer for lite. Det er ikkje slik ein skal administrera ein valuta. Vi skrapar botnen fordi vi ikkje har fått på plass ein bankunion, heller ikkje noko som minner om ein felles finanspolitikk eller ein mekanisme for styrde statskonkursar. Hellas har alt fått ettergjeve skuld, andre kjem til å trenga det same. Eg seier neppe noko kontroversielt når eg seier at EU må få styr på dette. Krisekjensla har rett nok roa seg, noko som er bra, men paradoksalt nok er det heller ikkje bra fordi det fører til mang-lande vilje til å gjera det vi veit vi treng.

– Den biten av EU-systemet som kanskje er sterkast og no har fungert etter intensjonen, ESB, har altså skapt problem for EU fordi han har fungert som EU ville at han skulle fungera?

– Ja, ironien ligg tjukt over golvet her, kjenner eg. Eg vert ikkje forundra om vi fem eller ti år fram i tid ser attende og seier til oss sjølve: «Det var då det skar seg, då Draghi sa at ESB kom til å gjera det banken kunne for å berga euroen.» Det som òg uroar meg, er at eg ikkje høyrer folk spørja seg sjølve: «Korleis oppstod dette rotet, kva var det vi gjorde feil?» For meg er det nokså tydeleg: Euroen, slik han vart konstruert, er det nest største – du får ikkje vita kva som var det største – feilgrepet i heile EU-konstruksjonen.

LES OGSÅ: – Eit fredens kontinent

Den evige fred

Cooper har klåre meiningar om kvifor det gjekk gale.

– Det handlar om idealisme og ei tru som faktisk var utruleg u-europeisk, at politikk skulle trumfa økonomi. Heile den opphavlege EF- og EU-konstruksjonen var tufta på det motsette: at økonomien skulle trumfa politikken, om lag slik EØS-avtalen i dag fungerer for Noreg og dei landa som ikkje er med i euroen. Det Kohl og Mitterand gjorde, var berre svært underleg: «Til helvete med økonomien, det er vi som styrer, det er vi som avgjer …», er ikkje eit særleg bra grunnlag for ein valuta. Så, ja, eg veit kva du vil spørja meg om no: Her var eg med Gordon Brown (som var mot britisk euromedlemskap, red.merk.) i staden for Blair (som var for, red.merk.). Hadde vi i Storbritannia vore ein del av lågrentepolitikken til ESB, hadde vi fått ei husboble som hadde fått den irske husbobla og konsekvensen av henne til å sjå ut som ein fest. Så nei: Ein må aldri rota med økonomien!

– Så euroen vart også eit brot med fredstanken i EU-prosjektet, at handel og marknad skulle føra Europa saman?

– Nja, eg er vel ikkje heilt samd i at det er ein grunnidé, og det er nok mykje av ein myte at handel fører til fred. Det EU faktisk gjorde, var å seia: «Ja, vi treng handel, men handel vil det alltid vera, så det som fyrst og fremst er vår oppgåve, er å regulera marknaden». Grunnideen bak EU er altså ikkje handel i seg sjølv, men regulering av handelen. Dette var å gje regjeringar ei oppgåve som dei måtte løysa i fellesskap, og som tvinga dei til dagleg kontakt som på si side gjorde at dei vart kjende med kvarandre. Økonomien var berre ein reiskap for dialog.

Thatcher

Då er vi attende til den britiske EU-motstanden, for var det ikkje ein marknad britane trudde dei vart ein del av, ikkje eit reguleringsregime?

– Etter at Thatcher døydde, lét ho ettertida få vi vita at ho ville at Storbritannia skal gå ut av EU. Forstod ho ikkje kva EU var, då ho sjølv var statsminister?

– Ein kan seia mykje om Thatcher, men ho vanta ikkje intelligens. Sjølvsagt forstod ho dette. Ho gjennomførde store privatiseringar, og kva skjer når du privatiserer? Jau, du sluttar å eiga, og du byrjar å regulera. Tak noko så enkelt som telemarknaden, som i dag er tungt regulert. Før Thatcher privatiserte BT, var det knapt reguleringar i Europa på dette området. Thatcher såg konsekvensane av det ho gjorde, og ho ynskte å nytta EU på desse områda for slik å fremja konkurranse. Ho meinte til dømes at det var betre for alle om ein anten berre åtte eller berre regulerte. For kva skjer om staten både regulerer og eig? Jau, då byrjar selskapa å pressa på for slappe reguleringar, og det får dei. Ho var ikkje nokon brenn-og-kutt-alt-politikar, og ho var for EU. Når folk vert gamle, har dei ein tendens til å seia dumme ting. Eg ville ikkje ha lagt vekt på det ho sa på det siste.

– Kva med i dag? Den britiske EU-motstanden no handlar vel om at dei ikkje forstår reguleringstankegangen?

– Eg er heilt usamd, det er snarare motsett, Storbritannia og mykje av Nord-Europa forstår dette konseptet altfor godt. Når dei irske katolikkane får éi side frå EU-kommisjonen, sender dei ut éi side til folket. I Storbritannia og i Skandinavia sender regjeringane ut ti sider. Problemet britane har med EU, vert mykje meir skapt i London enn i Brussel. Og desse problema Storbritannia skal ha med EU, er vilt overdrivne. Kor mange medlemer har Tory-partiet no? I 1950-åra var det ei brei folkerørsle med fem millionar medlemer, i dag har dei berre 150.000. Og av desse 150.000 er det berre nokre få som lagar mykje bråk. Regjeringa er for EU, og det er det store fleirtalet i Parlamentet òg.

– Men det går då mot folke-avrøysting?

– Er du sikker? Regjeringar har det med å spørja folk berre om det dei ynskjer at folk skal meina noko om. Kvar ei britisk regjering ser store føremoner ved EU-medlemskapen, dei ser òg store ulemper ved dødsstraff. Eit stort fleirtal av det britiske folket vil ha attende hengjing, men dei kjem aldri til å verta spurde om det spørsmålet av noka regjering.

QUIZ: Kva veit du om EU?

Tragedien Blair

Vi får avslutta med Tony Blair og hans «humanitære intervensjon».

– Du var med på å forma tankegangen hans, som igjen førde til at sjølvstyret for statar skulle reduserast. Og no sit han der, som mannen som fekk ansvaret for katastrofen i Irak?

– Vel, før Irak var vi i Sierra Leone, kva er sogas dom over den intervensjonen? At det var rett, og at det var ein stor suksess. Utan Irak hadde det vore arven etter Blair: at humanitære intervensjonar kan fungera. Historia er ein serie med hendingar, slikt er tilfelleleg. Ein vinn noko, ein taper noko.

– Kva rådde du han til?

– Det får vera mellom han og meg, og dessutan var eg i Brussel i tida før og under invasjonen. Men eg kan seia kva eg ville ha gjort. Eg ville ha gått til Frankrike og sagt: «Høyr her. Vi kan ikkje setja tilhøvet vårt til USA heilt på spel. Vi må tilby noko. Vi tilbyd USA at vi går med på ein invasjon om vi får eit prov for at Irak har masseøydeleggjings-våpen. Vi trur dei har det, atomvåpeninspektørane er kasta ut, og Hussein har nytta gass før, men vi treng altså prov.» Dette var det Europa og EU burde ha tilbode USA.

– Men Blair vart spurd om dette på BBC. Han svara at han i alle høve var «ukomfortabel» med at Hussein skulle få halda fram.

– Ja, han svara det. Det er litt trist det heile. Sjå på Lyndon B. Johnson, han skapte den amerikanske velferdsstaten og gjorde dei svarte til fulle borgarar. Sjå på Blair, han er den einaste store britiske politikaren etter Thatcher, og han var ein ekstremt populær og dyktig statsminister. Johnson vert i dag hugsa for Vietnam, Blair for Irak.

– Kvifor var Blair så oppteken av å verta lika av Bush?

– Tja, når du ser vakre unge damer med stygge eldre menn, kva kan du gå utifrå at mennene har? Pengar og makt. Vi vert tiltrekte av slikt, og ingen har meir makt enn ein amerikansk president. Ein statsminister bør berre sitja i to periodar. Embetet gjer noko med personar om dei vert sitjande for lenge.

Les saka i Dag og Tid!