– Dei borgarlege kan kutte 15 skattemilliardar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mykje kan dei borgarlege kutta

SSB presenterte torsdag prognosane sine for den økonomien i Noreg framover. Her la byrået til grunn at finanspolitikken framleis skal kvile på handlingsregelen, men at personskatten blir litt lågare enn i 2013.

Dagens Næringsliv skriv at det dreier det seg om ei skattelette på rundt 15 milliardar kroner dei neste fire åra med ei ny regjering utan at det blir stramma inn på andre område.

Sjølv med ei skattelette trur ikkje SSB at ei borgarleg regjering kjem til å bryte den såkalla handlingsregelen, som seier at staten årleg kan bruke inntil 4 prosent av oljefondet. Årsaka er at oljefondet veks så mykje kvart år at det blir stadig meir pengar å bruke innanfor handlingsregelen.

Ifølgje SSB kjem oljepengebruken til å liggje på i overkant av 3 prosent av fondsverdien i åra som kjem. Utviklinga SSB ser for seg, avheng likevel i liten grad av skattekutta. Om skatten blir redusert eller ikkje, får lite å seie.

QUIZ: Kva veit du om Høgre?

Forskingsleiar Torbjørn Eika i SSB seier at det er den disponible inntekta til hushalda og bustadmarknaden som får dei største utslaga. Eit skattekutt kan gi hushalda 1,6 prosent meir å rutte med og ein vekst i bustadprisane på 4,3 prosent i 2020, ifølgje Dagens Næringsliv.

SSB slo elles fast at veksten i norsk økonomi har stoppa opp på grunn av dei mindre investeringane i fastlandsindustrien og den internasjonale krisa. Først frå neste år kan pilene igjen peike oppover, trur SSB. (©NPK)

Les siste politisk nytt her!