Kårar beste ungdomsboka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elevane i niandeklassen på Rubbestadneset er ein av juryklassane som skal vera med og bestemma kven som skal vinna Uprisen, prisen for beste ungdomsbok i 2013.

I slutten av januar fekk dei tilsendt ein pakke med femti bøker i posten. Det var leseeksemplar av dei fem bøkene som er nominerte til Uprisen. Alle skal ha lese dei nominerte bøkene som mellom anna handlar om lidenskapeleg forelsking og engasjement (Sammen skal vi holde himmelen), framandfrykt og gruppementalitet (Fuck off, I love you), om 2. verdskrigen og jødeforfølgingane (Nærmere høst), kamp mot vonde ånder (Åndejegerne) og om det stormfulle forholdet mellom ein 16 år gammal gut og ei 25 år gammal kvinne (Din vakre jævel).

LES OGSÅ: Dei kårar den beste ungdomsboka

Det er foreningen !les som deler ut prisen.

– For å få vita kva for ungdomsbøker ungdommar likar å lesa, så har me såurt ungdommen sjølv, seier dagleg leiar i foreningen, Vibeke Røgler. Ho fortel at Uprisen er den einaste prisen i landet der ungdommen bestemmer alt.

Ho er spent på kva for bok elevane i Rubbestadneset kårar som best. To elevar frå kvar juryklasse skal møtast til eit storjurymøte der dei avgjer kva bok som får Uprisen. Prisutdelinga skjer torsdag på Ushowet, der alle juryklassane vil vera til stades.

Les saka i Bømlo-Nytt!