Aukande mangel på ingeniørar i Europa
Europeisk industri slår alarm om aukande mangel på kompetent arbeidskraft.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Slår europeisk ingeniør-alarm
Problem med høg arbeidsløyse blant unge, ei aldrande befolkning og skeivheiter i utdanningssystemet vil i åra som kjem føre til aukande mangel på ingeniørar, åtvarar toppleiarane i fleire av dei største industriselskapa i Europa.
Toppleiarane fryktar no at dette vil svekkje den europeiske konkurransekrafta, skriv Financial Times.
LES OGSÅ: Leitar etter ingeniørar over heile Europa
Ifølgje administrerande direktør Peter Löscher i Siemens er kompetansemangelen eit stort problem, spesielt i Tyskland.
– Vi må sikre at utdanningssystema våre gir oss rett ingeniørkompetanse, og at vi får kvalifisert innvandring til Europa, seier han. (©NPK)