Rift om å bli turnuslege

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

15.000 søknader til 360 stillingar

Til saman har rundt 800 medisinstudentar som har søkt på dei ledige stillingane. Det betyr at kvar student har søkt på meir enn ei stilling.

– Ja, 15.000 søknader fordelt på rundt 800 personar er mykje, så her er det nok mange som har sikra seg. Samtidig veit vi ikkje kor mange av desse søkjarane som er reelle og kvalifiserte, seier Anne Grethe Slåtten, prosjektleiar i divisjon primærhelseteneste i Helsedirektoratet til Dagens Medisin.

Ho seier at helseføretaka dei neste vekene vil gjera ein kjempejobb med å gå gjennom søknadene og at det er sett av mykje tid til å kalla inn til intervju.

Tidlegare måtte medisinstudentane trekkja lodd om kvar dei skulle vera turnuslege. Frå og med i år er det innført nye reglar som gjer at studentane må søkja på stillingane gjennom turnusportalen til Helsedirektoratet etter same reglane som i arbeidslivet. (©NPK)

Les meir om yrkesval her!