Hysj!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Neidå. Sjølvsagt gjer eg ikkje det. Men det er ein stilig ting å påstå.

La meg vere litt meir realistisk. Eg trur eg veit kva nokon av oss som jobbar i avis og tv tenker akkurat no.

Nokon tenker sjølvsagt sånt som: «Ah! Endelig landsmøte i Frp.»

Sjuke folk finn du jo overalt.

Og nokon tenker sånt som:

«Kva skal eg finne på til middag i dag?»

«Oi, no er det sol.»

«Berre fjorten dagar til ferie!»

For mange av oss som jobbar i avis og tv er faktisk ganske normale. Skuffande, ikkje minst for oss sjølve, men slik er det.

Men eg er også ganske sikker på at ein del av oss som jobbar i avis og tv i løpet av den siste veka har tenkt:

Kvifor var det ikkje vi som kom på å lage verdas lengste intervju med Hans Olav Lahlum?

Det finst fleire mulige svar på dette spørsmålet. Dei fleste av dei er ganske gode:

«Fordi det ærlig talt er ein ganske pussig idé.»

«Fordi vi ærlig talt hadde anna å gjere. Det er landsmøte i Frp, og snart ferie, og min tur til å lage middag i dag.»

«Fordi sola skin og livet ikkje er så verst.»

Men likevel: Mange synest nok dei burde ha fått denne ideen, og blitt snakka om og tvitra om og komme i rekordboka. For ideen er ikkje så sær som han kan verke. Det er jo snart to år sidan det berømte Hurtigrute-programmet til NRK viste oss at det folk i Norge vil ha, er rare ting som varer lenge. Hans Olav Lahlum er ein rar ting. Og rekordintervju-ideen kombinerer det Lahlum er best til, å snakke om ting han kan, og det journalistar er best til, å intervjue folk om korleis det er å bli intervjua.

Så mange skulle nok ønske dei hadde fått denne ideen. Det er langt. Det er rart. Det er rekord. Det er jippo. Og samtidig får du folk til å halde seg på nettet for å sjå ein kunnskapsrik mann snakke lenge om historie og politikk. Det er den perfekte blandinga av freak show og seriøsitet.

Så vi er mange som leitar no. Etter den neste lange og rare ideen. Det finst fleire. Det må finnast fleire.

Eg veit kva eg kunne tenke meg å sjå. Eg vil ikkje vere med på det sjølv. På ingen måte. Så eg tilbyr ideen no til den som måtte ønske å prøve. Eit verdsrekordforsøk. Direkteoverført. Mykje vanskeligare enn å snake samanhengande i tretti timar. Mykje meir utfordrande, på fleire måtar. Og mykje meir hard core.

Det eg vil sjå, som ein naturlig oppfølgjar til verdas lengste intervju, er:

Verdas lengste pinlige stillheit.

To personar, eller kanskje fleire, i eit lite glasbur. Eit veldig lite glasbur, helst. Så lite at det er umulig å ikkje til ei kvar tid sjå kvarandre og ganske ofte møte blikka til kvarandre. Glasburet blir plassert på eit torg der det er mykje menneske. Dei som er med får ikkje på førehand vite kven andre som skal inn i buret. Dei blir låst inne i buret, saman med nokon dei ikkje veit kven er, eller nokon dei kanskje veit kven er men aldri har snakka med. Dei handhelser. Og så skal dei ikkje snakke med kvarandre i … trettifem timar? Dei skal berre stå der, ganske nær kvarandre, møte blikka til kvarandre og sjå på kvarandre, utan å seie noko. Gå litt omkring, kanskje, men det skal ikkje vere plass til mykje gåing. Viss dei går, kjem dei borti kvarandre. Det er ikkje lov å sove. Kanskje heller ikkje å smile eller le. Kanskje kan det vere lov å kremte ein gong kvar tredje time eller noko, for å styrke den beklemte stemninga. Mykjeseiande himling med auga kan diskuterast. Folk utanfor glasburet har sjølvsagt lov til å gjere akkurat som dei vil. Men der inne skal det vere trykka stemning. I over eit døgn.

Det er vanskelig det. Det ville ikkje Hans Olav Lahlum klart.

Ikkje eg heller.

Men nokon. Og eg lover å sjå på. Og – og det er dette som er det raraste: Eg kjem ikkje på nokon måte til å vere den einaste.


Først publisert i Aftenposten 25. mai.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!