Den vesle byen med det store perspektivet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Bergen, ein tilstand i sjela. Mellom fjell og vestlandsk natur ligg den vesle byen som likevel rommar så mykje. Vestlandets hovudstad, og det som eingang var heile landets hovudstad – den gang den heitte Bjørgvin – havnebyen som alltid har vore så open for impulsar utanfrå. Det er opplest og vedteke at Oslo er sentrum i Norge. Austlandet er størst, har flest folk, og er kanskje meir eigna som ei naturleg kjerne.

Stein Rokkan, den store norske statsvitaren, brukte begrepet motkultur for å forstå norsk politikk. Rokkan viser oss korleis periferiens organiserte motstand mot sentral stats- og nasjonsbygging og kulturell standardisering, kjem til uttrykk gjennom breie folkelege rørsler.

Bergen, der den ligg ute langs vestkysten, avsondra frå austlandet og det maktpolitiske spelet, har vel alltid gitt ein slags organisert motstand mot Oslo. Periferiens store metropol, med alle sine kaféar, utestadar og yrande kulturliv er kanskje den einaste byen i landet som nektar å innsjå at Oslo skal og bør vere størst og best.

Hovudstadskomplekset

Frank Aarebrot, valforskar og professor i samanliknande politikk, forklarar:

– Det er noko som heiter «the second city syndrome», byar som alltid har eit spent tilhøve til hovudstaden. Det gjer at by nummer to får eit veldig behov for å markere seg og føre ei slags leiarstilling i provinsbyane sitt opprør mot hovudstaden.

Den historieinteresserte statsvitaren definerer Bergen som ein «motkultur i motkulturen».

– Bergen har vore ein hovudstad for motkulturen. Det første nynorsklaget vart skipa på Kalfaret, medan KrF danna partiet sitt i byen. Men der alle bygdene rundt har vore tørrlagde med ein bedehuskultur, har Bergen sjølv aldri fronta verken nynorsk eller avhold.

Patriotismen

Og ingen stad i landet finn ein vel meir patriotiske folk enn i Bergen. Anten det er dyrkinga av Sportsklubben Brann eller kjærleiken til Hansa-ølet, samt andre element som distingverer Bergen som noko unikt. Byen er og blir ein eksepsjonell stad i landet.

Davy Wathne, TV2-profil og bergenspatriot, trur det først og fremst er menneska som gjer Bergen til noko eige.

– Bergen har ei spesiell bybefolkning. Haldninga, begeistringa, det å vere stolt over å høyre til stammen, det formar oss og gjer oss annleis, seier Wathne.

Latterleggjeringa frå tilflyttarar og folk utanfor byen, meiner Wathne berre er med på å sveise bergensarane saman og gjere dei meir medvitne på den felles arva.

– Alt heng saman, ramma, scenarioet og utforminga av det kompakte avgrensa geografiske området. Ein har tydelege rituale, anten det er å gå på Fløien, spankulere på Bryggen eller høyre på buekorps. I sum skapar alle tradisjonane ein kultur som gjer oss identitetsmedvitne og stolte. Det irriterar, provoserar og misunnar dei andre.

– Som San Francisco

I musikken blir det heile manifestert i uttrykket «bergensbølgen», som berre for å understreke at dette er musikk frå republikken Bergen, fjernt frå resten av landet, og iallfall Oslo. Ein kan lett le av det – det har noko komisk og nesten litt parodisk ved seg – men faktum er at få stadar kan vise til same konsentrasjonseffekt av skapande, kreative menneske. Av folk som vil noko, som får det til. Ja – Bergen, den har ein puls, ein pulserande nerve som alltid slår, pumpar ut livsvital kraft, gir Vestlandet håp, eit motkulturelt håp.

Einar Engelstad, musikkritikar og sjølvuttalt erkebergensar, har ei naturleg forklaring.

– Ein del av grunnen til at Bergen er såpass unik i kulturell samanheng er at den er liten nok til å vere ein provinsiell småby, men akkurat passe stor slik at ein ikkje manglar noko. Det gjeld både for rockemiljøet og kulturlivet elles, seier Engelstad.

Den ideelle storleiken kombinert med ei kulturinteressert studentmasse gjer byen levande og vital, ifølge Engelstad.

– Sånn sett liknar Bergen på San Francisco. Ein stor småby med eit levande kultur- og musikkmiljø. Begge ligg også ved sjøen, og dermed føregår det ein veldig stor grad av kulturutveksling.

Å la seg underkaste

Det er som om Bergen sender ut signalet om at det ikkje er staden som set premisset for folk, men folk som set premisset for staden. Og slik blir Bergen til, i møte med folka som flyttar hit, folka som alltid har vore her, som gir den sjel, som minnar kvar og ein tilflyttar på at det verkeleg er noko som heiter erke-bergensk. Ikkje berre i tatt-for-gitt-kjenslene og kjærleiken alle bergensarar er fødd inn i og føler for byen. Nei, sjølv i språket er det noko eksplisitt bergensk. Om det så berre er å helse på folk: Bergensarar har sine eigne ord og fraser som ein liksom må underkaste seg. Men kanskje enno meir påfallande: ein let seg underkaste, Bergen slukar deg levande, tygger deg sønder og saman, og spyttar deg ut som noko nytt. Som berre for å seie: No er du vår, no er du ein del av Bergen.

– På den måten er Oslo faktisk meir provinsiell. Bergen tek gladeleg imot strilar og austlendingar om dei kan profitere noko på det. Dette heng saman med det handelsnettverket Bergen var ein del av, vendt utover mot verda. Bergen er internasjonal og klar over at ein har røter i utlandet, seier professor Aarebrot.

Frå aust til vest

Vi er mange som har kjent på det, det første møtet med Bergen, opplevinga av ein ny kultur. Eg hugsar det sjølv. Som sunnmøring var inntrykket av Bergen spesielt – umiddelbart føltest byen så stor, som ein metropol, fullstendig annleis enn den verkelege periferien. For over 20 år sidan kom Sigmund Grønmo, rektor ved Universitetet i Bergen, til Bergen og vestlandet. Grønmø flytta frå Oslo. Sidan har han blitt her.

– Bergen er meir intim, det gjer den på mange trivelegare å bu i enn Oslo. Det er lett å treffe kjente. Likevel er den stor nok til å ha eit kulturtilbud som ein skikkeleg by bør ha.

– Dessutan er Bergen svært internasjonal, og det er noko universitetet også legg vekt på, seier Grønmo.

LES OGSÅ: Byen mellom to fjell – og fem haugar

Hjartet av byen

Universitetet, der det står i hjartet av sentrum, Norges Handelshøyskole som ein gong ruva i bykjerna, der Ask Burlefot, hovudpersonen i Agnar Mykles roman «Sangen om den røde rubin» ein gong gjekk rundt. Mykle si skildring av studentlivet gir framleis resonans, fleire tiår seinare. Studentbyen Bergen gir området dei nødvendige impulsane, utanfrå perspektivet som opnar opp byen. Og kanskje, om ein skal sjå analytisk på det, dempar den bergenske mentaliteten og hangen til patriotisme. Men for Davy Wathne er det patriotiske ein god ting.

– Bergenserane er klare over at dei er annleis, og at det er viktig å høyre til. At ein skal bry seg om flokken sin, dei signifikante trekka. Det plagar dei som ikkje har noko å vere stolt over.

Les saka i Studvest!