– Spark Liv Signe ut av Stortinget

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kristine (20) vil sparka Liv Signe

Kristine Lie tok på Landsmøtet i Framstegspartiet eit oppgjer med manglande utvikling av fylket, og nedlegging av vidaregåande skular, grunna raudgrøn politikk.

Applaus

Lie sa i innlegget sitt at grunnen til at fylket no må redusere tal skular er at dei politikarane som har styrt og representert Sogn og Fjordane er totalt blotta for evna til å tenke nytt og visjonært. Dei har trudd, at så lenge ein satsar på landbruket då vil alt ordne seg og folk vil bu i fylket vårt.

Ifølgje ei pressemelding frå partiet vart den 20 år gamle kandidaten frå Sogndal ved fleire høve avbroten av applaus frå Landsmøtet under det 5 minutt lange innlegget som var hovudinnlegget frå Sogn og Fjordane FrP.

QUIZ: Kva veit du om Framstegspartiet?

Tryggleik

Kristine Lie tok og opp utfordringa med å få høgt utdanna unge kvinner, som ho sjølv, til å flytte heim til Sogn og Fjordane.

– Eg må ha tryggleik for at eg ein gong i framtida kan få ein jobb der eg kan få nytte av den utdanninga eg har tatt. Eg treng tryggleik for at ungane mine har både barnehage og skule å gå på. Eg må ha tryggleik for at me har eit helsevesen som kan ta vare på oss viss vi vert sjuke. Og eg må ha fridom til å kunne følgje draumane mine, trass i at dei ikkje inkluderer å bli budeie med geiter, sa Lie.

Les siste nytt om politikk her!

Tiltak

Lie sa at for Sogn og Fjordane er det bevist at dei raudgrøne sin medisin er feil og at ein no måtte skifte behandling. I den samanheng ramsa ho opp ei rekkje med tiltak og avslutta oppramsinga med:

– Og ikkje minst, så er me nødt til, å få sparka Liv Signe Navarsete ut av Stortinget, for først då kan me få skapt vekst og utvikling i fylket vårt.

Les saka i Sogn Avis!