Fuglane flyr raskare om våren

No er det bevist, det fleire fugleentusiastar har trudd. Trekkfuglane legg inn eit ekstra gir når dei flyg nordover om våren.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No flyr fuglane raskare

Det er nemleg ein fordel å komme fram tidleg.

– Dei fuglane som først når fram til hekkeplassane, kan velje dei beste territoriale og den beste partnaren, seier Cecilia Nilsson, som er doktorgradsstipendiat ved Lunds universitet.

Saman med forskarkollegaer har ho samanstilt data om trekkfuglar frå heile verda, og kan for første gong sikkert vise fram at fuglane flyr raskare under trekket om våren enn om hausten.

Resultata er publisert i det siste nummeret av det vitskapelege tidsskriftet The American Naturalist.

Dobbelt så raskt
Hos nokre artar er tempoendringa ikkje så stor, men andre artar doblar fart og har i tillegg kortare pausar undervegs.

Det er mellom anna ved hjelp av GPS-liknande teknologi at forskarane no kan få undersøkt oppførselen fuglane har under dei ulike flyttingane som er knytt opp mot sesongane. Dei kan følgje både heile flokkar og enkeltfuglar.

– Lenge har vi trudd at fuglane flyg raskare mot hekkeområda enn bort frå dei. Men det er først med moderne teknikk at vi kan stadfeste dette, fortel Nilsson.

LES OGSÅ: Kongeørn til åtak på bonde

Lange turar
Det er stor skilnad på fart til ulike fugleartar. Den aller raskaste er donneltbekkasinen, som kan komme opp i ei fart på 97 kilometer i timen. Den bruker berre to– fire døgn på å flyge 4.300 og 6.800 kilometer.

Den trekkfuglen som flyttar lengst, er raudnebbterna. Den flyr om lag 80.000 kilometer i året, og legg bak seg strekninga Arktis– Antarktis på mellom to og tre månader.

Gjennomsnittet på fart hos små trekkfuglar er om lag 40 kilometer i timen.

Dårleg tid
Det er mange trur at fuglane flyr raskare om våren fordi vêret er meir stabilt og dagane lengre enn om hausten. Men forskarane i Lund peikar også på andre grunnar.

– For dei som flyg langt, er det svært viktig med tidleg hekking, slik at ungane blir stabile og sterke nok for å orke den neste, tøffe forflyttinga til hausten. Truleg er det slik hos dyra at dei forbrenn mest energi på det som kjem best til nytte, seier Nilsson. (©NPK)