Regjeringa gjev 900.000 kroner meir til Ungt Entreprenørskap.

mm
Faktaboks

 

• Ungdomsbedrift gjev høve for tverrfagleg læring og er forankra i kompetansemåla i studiespesialiserande og yrkesfaglege utdanningsprogram.
• I 2012 deltok 11.333 elevar i vidaregåande skule i Ungdomsbedrift.
• Ungt Entreprenørskap har som mål å nå ut til 350 kommunar i 2013.

Les meir om Ungt Entreprenørskap

LES FAKTALUKK FAKTA

 

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen var onsdag på Lambertseter vidaregåande skule, der ho møtte fleire engasjerte elevar med eiga ungdomsbedrift.

– Det ligg ein viktig drivar i interesse. Eg møter born i barnehagen og forskarar på universitetet som har ein ting til felles – at dei er så oppslukt av noko at dei kan gløyme at dei frys på beina. Men i åra imellom er det mange skuleelevar som ikkje kjenner på denne iveren, seier Kristin Halvorsen.

Praktisk
Kunnskapsdepartementet gir i år eit ekstra tilskot på 1,5 millionar kroner til Ungt Entreprenørskap Noreg. Det er ein auke på 500.000 kroner frå i fjor. I tillegg får organisasjonen 12 millionar kronar frå Kommunal- og regionaldepartementet og 12,4 millionar frå Nærings- og handelsdepartementet, som er ein auke på 400.000 kroner frå i fjor.

– Elev- og ungdomsbedrifter gjev ei praktisk tilnærming til grunnleggjande ferdigheiter som lesing, skriving og rekning – og aukar motivasjonen til elevane. Det bidreg òg til auka inkludering og meistring for mange elevar, seier Halvorsen.

LES OGSÅ: Karakter-jag skaper færre gründerar

Over heile landet
Ungt Entreprenørskap organiserer elevbedrifter og ungdomsbedrifter over heile landet og har som mål å nå ut til 350 kommunar i 2013.

– Vi set stor pris på at Kunnskapsdepartementet aukar tilskotet og tilfører Ungt Entreprenørskap meir ressursar. Gjennom auken stadfestar òg statsråden at entreprenørskap i utdanning er viktig, både som metode og som kompetansefelt. Det sender eit viktig signal til skuleleiing og skuleeigarar, seier Anne Kathrine Slungård, administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap Noreg.

LES OGSÅ: Dette er Noregs beste ungdomsbedrift

Hjelper asylbarn
Jawad Said, Jonathan Bendu og Mohammed Ahmed går alle på idrettslinja ved Lambertseter videregående skole. Dei tre har hatt stor suksess med ungdomsbedrifta ”Aktivt asyl”, eit aktivitetstilbod retta mot born og unge i asylmottak.

– Vi ville hjelpe asylbarn. Målet vårt har vore integrering gjennom idrett og å få borna til å gløyme vonde opplevingar, seier Mohammed Ahmed.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE